NRK Meny
Normal

Ber statsråden flytte sjukehuset til byen

Raumaordføraren hevdar prosessen rundt plasseringa av det nye sjukehuset er kome ut av kontroll. No ber han kommunalministeren gripe inn.

Lars Olav Hustad

Raumaordførar Lars Olav Hustad meiner prosessen rundt lokalisering av det nye sjukehuset er ute av styring.

Foto: Erik Hattrem / NRK

Plasseringa av det nye sjukehuset har skapt amper debatt og steile frontar i årevis. No kastar raumaordførar Lars Olav Hustad ein ny brannfakkel inn i debatten. Han vil ha kommunalminister Jan Tore Sanner til å ta direkte grep i saka fordi han meiner den planlagde plasseringa ikkje held mål.

– Eg vil be statsråden på eige initiativ gå inn i saka om lokalisering av eit nytt sjukehus i Nordmøre og Romsdal, skriv ordføraren til statsråden. Brevet blir sendt av garde etter oppdrag frå eit samla kommunestyre.

– Gått heilt av skaftet

Rauma kommune har sendt brev til kommunalministeren

Raumaordføraren meiner prosessen rundt plasseringa av det nye sjukehuset har gått heilt av skaftet. Han ber no kommunalministeren om å gripe inn.

Foto: Synnøve Hole

Raumaordføraren hevdar at prosessen er ute av styring, og at styresmaktene burde gripe inn i striden for lenge sidan.

– Vi syns at prosessen har gått heilt av skaftet. Det har vore alt for mykje fram og tilbake. No må nasjonale styresmakter gripe inn. Eg føler at helseføretaket med direktøren i spissen er heilt ute av styring, tordnar Hustad.

– Men burde ikkje de heller bidra til å skape fred og ro, i staden for å stikke fleire kjeppar i hjula?

– Nei, vi stikk ikkje fleire kjeppar i hjula. Rauma kommunestyre må få lov til å uttrykke seg i ei så viktig sak, og vi ber no om at statsråden grip inn, seier Hustad kontant.

Astrid Eidsvik - Helse Møre og Romsdal

Direktør Astrid Eidsvik seier ho blir svært overraska dersom kommunalministeren grip inn i saka om plassering av det nye sjukehuset.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK
Avviser kritikken

Direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik avviser at prosessen er ute av kontroll.

- Eg er ikkje enig i det. Eg har ikkje fått nokon kommentar om det verken frå styret, Helse Midt-Noreg eller statsråden, seier Eidsvik.

Sjukehusdirektøren viser til at vedtaket om plassering mellom Hjelset og Frei blei gjort samrøystes av styret i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg.

- Noverande akse står ved lag, det har også helseminister Bernt Høie stadfesta, seier ho vidare.

Trur ikkje statsråden grip inn

Astrid Eidsvik er ikkje glad for utspelet, og seier det vil kome som ei stor overrasking dersom kommunalminister Jan Tore Sanner grip inn, slik raumaordføraren ber om.

- Eg er undrande til slike type utspel. Det er veldig viktig at ein går tilbake og ser på saksgrunnlaget som var gjort i 2012, seier Eidsvik om vedtaket om plassering mellom Hjelset og Frei.

Vil ha sjukehuset til ein by

Kommunalminister Jan Tore Sanner

Kommunalministeren blir oppmoda om å gå inn i debatten om plasseringa av det nye sjukehuset på eige initiativ.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

I brevet til kommunalministeren kallar raumaordføraren den planlagde plasseringa mellom Hjelset og Frei for eit betydeleg dilemma, og viser til at sjukehuset dermed vil bli liggande utanfor bysentera i Molde eller Kristiansund. Han peikar også på at det skjer samstundes som ei rekkje private verksemder, som til dømes kjøpesenter, er underlagt detaljerte krav til plassering.

– Då blir det jo litt rart å skulle plassere eit sjukehus langt unna befolkningsmassen, seier han.

Trur ikkje på ro i saka

Raumaordføraren har ikkje tru på at ei plassering mellom Hjelset og Frei vil skape ro.

– Vi syns situasjonen er ute av kontroll, dette skaper berre strid. Ei plassering på aksen mellom Hjelset og Frei vil uansett ikkje føre til ro, seier han.

– Kva er det beste som kan skje?

– Det beste som kan skje er at det blir bygd nytt sjukehus i Molde, eventuelt pussa opp det som er der, seier han.

Statsråd Jan Tore Sanner vil ikkje kommentere saka no, men seier at han kjem til å svare Rauma kommune på brevet han har fått.