Hopp til innhold

– Politikarane må skjerpe seg

Rektor ved Ålesund kunstfagskole meiner politikarane ikkje tek elevane sin motstand mot fråversgrensa på alvor.

Ragnar Johansen

Ragnar Johansen, rektor ved Ålesund kunstfagskole meiner lærarane bør ha mandat til å inngå avtalar med sine elevar om korleis ein skal legge opp læringa.

Foto: Terje Reite / NRK

For å få bukt med fråveret, innførte regjeringa ei grense på 10 prosent udokumentert fråver i eitt fag. Dette har ført til at fråveret i den vidaregående skolen har gått kraftig ned, noko regjeringa feirar som ein siger.

Medan fråveret går ned, går fleire elevar til lege og bruken av medisinar aukar. Elevorganisasjonen meiner fråversregelen skaper nye problem, og det er denne motstanden rektor ved Ålesund kunstfagskole, Ragnar Johansen, meiner politikarane ikkje tek innover seg.

– Eg reagerer på at Elevorganisasjonen sine saklege argument berre prellar av på poilitikarane. Det er nedverdigande mot den generasjonen dei representerer.

– Skulevegrarar bli stempla

Regjeringa har fått mykje ros for den nye fråversregelen. men det er langt frå alle som jublar.Kunstfagskulerektoren meiner ein i dag har laga eit regelverk som er tilpassa ein del av elevane, men langt frå alle.

Han seier at det i hovudsak er to grupper av elevar som er borte frå skulen, dei som skulkar og dei som vegrar seg for å vere på skulen.

– Mange elevar vil gå på skule, men får det ikkje til. Det er dei som slit skikkeleg med dagens system. Desse vil ikkje få ein millimeter hjelp av eit slikt regelverk. Dei vil tvert imot få endå eit stempel i panna.

Elever streiker mot fraværsregel ved rådhuset i Oslo

Over tusen elevar frå vidaregåande skular i Oslo demonstrerte i mai 2016 mot kunnskapsministeren si fråversgrense. Hausten etter vart ho innført.

Foto: Knut Erik Solhaug / NRK

Det som provoserer Ragnar Johansen mest, er måten motstanden mot fråversregelen blir imøtegått av politikarar i kommentarfelt på sosiale medier og i tradisjonelle medier.

– Det førast på eit ideologisk grunnlag meir enn på eit sakkundig grunnlag.

Les også:

Avviser kritikken

Høgre sin tredjekandidat til stortingsvalet Vetle Wang Soleim avviser at fråversregelen er eit ideolgisk styrt prosjekt.

Ein nedgang i fråveret på 40 prosent gjer at regelen har vore ein suksess, meiner Soleim, men han er likevel open for endringar.

– Vi har fått innspel på endingar både når det gjeld fri til oppkøyring og at helsesøster skal få moglegheit til å gje eigenmedling. Dette er gode innspel som vi skal sjå vidare på.

– Vi har enkelte parti som ønskjer å gå vekk frå fråversregelen. Vi meiner at vi må ha fråversregelen, men finne ein best mogleg modell.

Vil heve grensa

Fråvergrensa som regjeringa har innført, skal evaluerast, og då vil det vege tungt at fraveret har gått kraftig ned. Ragnar Johansen vil ha ei grense, men meiner ho kanskje bør hevast til 15 prosent. Det viktigaste, meiner han, er i større grad å ivareta skulen og lærarane sitt skjønn.

– Læraren ser eleven kvar dag. Eg meiner lærarane bør ha mandat til å inngå avtalar med sine elevar om korleis ein skal legge opp læringa. Det må vere fullt mogleg å gi dispensasjonar, lage alternative opplegg eller lage avtalar med enkeltelevar.