Hopp til innhold

Ber om utsetjing av rus og psykiatritilbod

Kommunane er ikkje sikre på at dei har nok kompetanse eller pengar til å gi pasientar innan psykisk helse og rus, omgåande hjelp.

Anders Riise

Anders Riise er styreleiar i KS Møre og Romsdal.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Frå nyttår får kommunane ansvaret for å gi pasientar innan psykisk helse og rus både døgntilbod og omgåande hjelp. Men dette ansvaret uroar kommunane.

Dei er ikkje sikre på at dei har god nok kompetanse, kapasitet og finansiering for eit slikt tilbod.

Ber om utsetjing

Det er lova om helse- og omsorg som frå nyttår slår fast at kommunane skal syte for tilbod om døgnopphald for pasientar og brukarar med behov for omgåande hjelp. Men plikta til å gi slikt tilbod gjeld berre for dei «som kommunen har moglegheit til å greie ut, behandle eller yte omsorg til», som det heiter i lova.

–Kommunar som ikkje klarer å ta imot denne pasientgruppa når dei blir utskrivne frå sjukehusa, må frå 2018 også betale døgnbot slik dei i dag må for andre pasientgrupper. Også dette uroar, seier Andres Riise, styreleiar i fylkesorganisasjonen til kommunesektoren, KS.

Dei ber no om at saka om omgåande hjelp blir utsett.

– Vi ønskjer at det først blir forhandla fram ein avtale mellom helseføretaket og kvar enkelt kommune. Der må det kome tydeleg fram kven som har ansvaret for kva, seier Anders Riise, styreleiar i KS i Møre og Romsdal.

KS seier i ei pressemelding at dei er uroa over meir enn kompetanse og korleis tilbodet til pasientar innan psykisk helse og rus, skal leggast opp.

Mangt som uroar

Organisasjonen meiner at 86,5 millionar kroner på landsbasis til opplegget, er for lite. Det manglar oversikt og kunnskap over både omfanget og behovet innan pasientgruppa.

– Men også at det manglar samarbeidsavtale mellom kommunane og helseføretaka om rus og psykiatri, uroar oss altså sterkt, seier Anders Riise til NRK.

Korkje han eller dei andre i styret for KS i Møre og Romsdal er heller nøgde med høyringsfristen i denne saka.

– Høyring om ei slik forskrift med ein frist i midten av november og iverksetjing av praksisen alt frå nyttår, held ikkje, seier Anders Riise.

Vedtaket der KS ber om utsetjing av ordninga, er sendt Helse Møre og Romsdal og KS sentralt til vidare behandling.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL