Hopp til innhold

Drapssikta får to nye veker i isolasjon

Mannen som er sikta for drapet på Anja Weløy Aarseth blir fengsla med isolasjon i to nye veker.

Politiet stenger NRK

Politiadvokat Yngve Skovly opplyser til Sunnmørsposten at han vil be om to nye veker med isolering for den drapssikta mannen.

Foto: Tom Ingebrigtsen / NRK-fotograf

Anja Weløy Aarseth

Anja Weløy Aarseth blei drepen på byfjellet Aksla i Ålesund onsdag 28. august.

Foto: Privat

Politiet i Ålesund fryktar at den drapssikta 23-åringen skal kome i kontakt med vitner, og fekk difor medhald i to nye veker med isolasjon. Partane møttest ikkje i retten i dag, sidan sikta godtok at avgjerda kunne gjerast utan han til stades.

– Vi arbeider framleis med å kartlegge bevegelsane til mannen før og etter drapet. Vi kan ikkje risikere at han pratar med moglege vitner, seier politiadvokat Yngve Skovly til NRK.

Framleis er det mykje etterforskingsarbeid som attstår. Politiet har blant anna store mengder mobildata som dei går gjennom. Den sikta har forklart seg om kva han foretok seg drapsdagen. Desse opplysningane må undersøkjast.

23-åringen held fast på forklaringa han har kome med tidlegare. Han vedgår seksuelt overgrep og drap. Men han vedgår ikkje ransforsøket på kiosken «Pluto».

– Isolasjon er eit alvorleg inngrep og difor vert det avgjort berre for to veker i gongen, seier Skovly.