NRK Meny

Ber om tips etter knivstikking i Ålesund

Natt til søndag vart ein mann funnen knivstukken utanfor ei leilegheit i Ålesund sentrum. Ein person er no sikta i saka. Politiet ynskjer tips frå vitne.

Det var i 03-tida natt til søndag at politiet i Ålesund fekk melding om den skadde mannen som låg på gata i Borgundvegen i Ålesund. Politiet rykte ut med skotsikre vestar. I åttetida vart ein mann pågripen. Den arresterte og offeret kjenner kvarandre og dei er også kjenningar av politiet.

– Politiet har jobba heile søndagen med å avhøyre fleire personar for å danne seg eit bilete av kva som skjedde, men av omsyn til etterforskinga ynskjer vi ikkje å gå meir i detalj på kva vi har funne ut, seier politiadvokat Cathrin Remøy.

Ein er sikta

Ho seier at ein person er sikta i saka og ho vil ikkje spekulerer om det kan kome fleire siktingar.

Politiet oppmodar vitne som kunne ha sett eller høyrt noko, om å melde frå.

Det skal ha vore ein samankomst i leilegheita like ved staden der mannen vart funnen. Søndag formiddag opplyste politiet at situasjonen til den skadde mannen var stabil.

Siste video/lyd

Det blir no arbeidd med at delar av mannskapet på den arresterte trålaren Remøy skal kunne få reise heim frå Murmansk.
Norske styresmakter arbeider for å finne ei løysing for den arresterte trålaren frå Herøy.

Om bygginga av Nordøyvegen skal kunne kome igang til hausten, må innkrevinga av bompengar godkjennast av Stortinget før sommarferien.
Det er berre tre bønder att i Geiranger. Dei meiner ein ny fellesfjøs er det som må til om det skal vere dyr i turistbygda i framtida.