Hopp til innhold

Ber om tips etter branntilløp

Politiet på Sunnmøre ber om tips etter at ein eingongsgrill førte til branntilløp ved kiosken på gamle Eiksund ferjekai.

Branntilløp i Eiksund

Brannvesenet hjelpte til med ettersløkking ved den gamle kiosken ved Eiksund ferjekai.

Foto: Joar Ødegård

– Me ber alle som var i området om å melde seg for politiet, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt.

Branntilløpet har truleg starta då ein eingongsgrill vart forlate ved bygninga søndag ettermiddag.

Branntilløp i Eiksund

Brannen vart sløkt av naboar som kom raskt til staden.

Foto: Joar Ødegård

Politiet ber spesielt ein familie som var på staden søndag ettermiddag om å melde seg. Familien disponerer ifølge politiet ein blå VW Sharan.

Brannen skal ikkje ha fått tak i huset, ettersom den vart raskt oppdaga av naboar. Dei fekk raskt kontroll over brannen, og brannvesenet kom seinare til staden og gjennomførte ettersløkking.

– Folk må vere veldig forsiktige ved bruk av eingongsgrillar. Ein trur gjerne dei er sløkte sjølv om dei ikkje er det, seier operasjonsleiaren.

Grasbrann i Rogaland

Søndag har brannmannskap i Rogaland kjempa mot ein grasbrann i Gjesdal. Brannen vart meldt før klokka 15, og brenn framleis klokka 19.

Om lag 70 personar er med i sløkkingsarbeidet søndag kveld, og fleire stader i sør-Noreg skal det vere stor brannfare.

Søndag kveld måtte brannvesenet rykke ut for å sløkke ein grasbrann i Sjøholt i Ørskog kommune. Tidlegare denne veka fekk ein bustad på Ellingsøya i Ålesund brannskadar etter at ein grill stod for nær bordkledninga på huset.

Ber folk vere forsiktige

No ber politiet om at folk er merksame ved grilling.

– Eingongsgrillane bør haldast under vatn ei god stund, for å vere sikker på at dei er sløkte, seier Ødegård.

No håper han at alle som kjenner til branntilløpet i Eiksund søndag ettermiddag tek kontakt med politiet.