NRK Meny
Normal

Ber om tips etter at brøytebil blei pressa av vegen

Politiet ber om å få tips frå folk som såg bilen som fredag morgon pressa brøytebilen av vegen på Fursetfjellet. Brøytebilsjåføren forstår ikkje korleis det kunne skje.

Brøytebil utfor vegen

Brøytebilsjåføren hadde kamera på dashbordet og har truleg filma nesten-ulykka fredag morgon. No ventar han spent på kva filmen viser.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Den erfarne brøytebilsjåføren Gunnar Hestås seier han er vand med at bilistar ikkje tek omsyn, men han har aldri vore ute for det som skjedde fredag morgon. Då blei han pressa av vegen av ein bilist som kom imot. Og Hestås trur ikkje ein gong bilisten veit om nesten-kollisjonen.

Gunnar Hestås

Gunnar Hestås kom uskadd frå utforkøyringa, men er skjelven.

Foto: Svein Hagen

Eg trur ikkje han fekk det med seg i det heile tatt, for han stoppa ikkje, berre heldt fram å køyre, og det var ikkje akkurat vanskeleg å sjå meg med den store bilen og blinklys, seier Hestås.

Han kom uskadd frå hendinga, men seier han er skjelven. Hestås har tidlegare gått ut over bedt bilistar slakke ned, for å unngå farlege situasjonar.

Les også:

Trur sjåføren var opptatt med andre ting

Brøytebil utfor vegen

Brøytebilsjåføren blei pressa heilt ut i vegen, for å unngå å frontkollidere med ein kvit bil på Fursetfjellet fredag.

Foto: Tommy Skagen Gjestad

Klokka var berre litt over åtte fredag morgon då han køyrde over Fursetfjellet, og blei merksam på den kvite bilen som kom imot han. Bilen kom gradvis meir over i motsett køyrefelt, og gjorde ingen teikn til å bremse eller rette opp kursen.

Det var ikkje glatt, eg trur rett og slett han heldt på med eitt eller anna inne i bilen, seier Hestås.

Nyleg blei ei kvinne stoppa i Ålesund fordi ho strikka medan ho køyrde bil. Hestås veit ikkje kva sjåføren i den kvite bilen gjorde, og seier det er uråd å vite.

Ber om tips frå andre bilistar

Frode Gjøsund

Operasjonsleiar Frode Gjøsund trur brøytebilsjåføren forhindra ei alvorleg ulykke fredag morgon. Men sjåføren som blei spart, veit truleg ingenting.

Foto: Politiet

No ber politiet folk som køyrde i området fredag morgon om å ta kontakt og tipse dei. Hestås har kamera i brøytebilen, og har filma det som skjedde, men har førebels ikkje klart å hente ut filmen. Slik han huskar det, var bilen kvit, og av typen suv, stasjonsvogn eller varebil.

– Brøytebilsjåføren har truleg berga den andre sjåføren frå eit alvorleg uhell, det å krasje med ein brøytebil er ikkje noko særleg, seier operasjonsleiar Frode Gjøsund ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Les også:

Fleire utforkøyringar på glatta

Snøfallet fredag morgon har ført til fleire utforkøyringar i fylket. Fleire lyttarar ringde inn til NRK Møre og Romsdal på morgonkvisten for å åtvare.

Det er tett snødrev over Fursetfjellet, melde ein like etter klokka seks, og åtvara folk mot å køyre over fjellet på sommardekk. Sjølv valde han å snu.

Kort tid etter åtvara ein annan bilist folk mot å køyre over Strandafjellet på sommardekk, og like etter kom den første utforkøyringa – på Ørskogfjellet.

Politiet rår folk som skal opp i høgare strøk om å skifte til vinterdekk, før vinteren endeleg innser at slaget er tapt.