- Hastar
Direktoratet for naturforvalting er innstilt på å planlegge tiltak i Romsdalsfjorden, men manglar pengar. Rolf Ivar Moen i samarbeidsutvalet seier det hastar med pengar til tiltak.
Villaksen vil på sikt døy ut i gyro-angripne elvar.
Villaksen kan døy ut
Elvane i Romsdalsfjorden blei behandla mot laksesjukdomen gyrodactylus salaris i 1993. Men sidan den gongen har smitten dukka opp i alle elvane unntatt Måna. Laksesjukdomen angrip lakseyngelen slik at nye stammar ikkje får vekse opp, og på sikt vil villaksen i dei angripne elvane døy ut. No ber samarbeidsutvalet fylket om hjelp.
Laksefiske i Rauma.
Kostar ein million
Direktoratet for naturforlvalting vil byrje planlegginga av tiltak i år og setje dei ut i livet hausten 2005. Prosjektet vil koste rundt ein million kroner, og samarbeidsutvalet har sjølv skaffa 200 000.
Fylkesvaraordførar Svein Atle Roseth seier han ikkje har fått sett seg inn i saka enno, men at han i utgangspunktet er positiv. Rolf Ivar Moen ser dystert på framtida til elvane dersom pengane ikkje kjem no