Hopp til innhold

– Mange blei merka for livet

Dei siste vekene har fleire tidlegare pasientar stått fram og fortalt om overgrep då dei som barn var innlagde ved sanatoriet på Reknes i Molde. No har fleire meldt seg med søknader om oppreisning.

Barnesanatorium på Reknes i Molde

Sanatoriumet på Reknes tok imot tuberkulosesjuke barn heilt fram til slutten av sekstitalet.

Foto: Romsdalsmuseet

Synnøve Holte frå Volda er ei av dei som har stått fram med si historie. Ho har fortalt om vald, truslar og isolasjon.

– Det var eit skremselsregime. Det var tvangsforing. Vi vart lagde i tvangstrøye. Brev vi sende blei konfiskerte. Vi vart lugga og stengde inne på mørkeloftet, fortalde ho om opphaldet på Reknes. Ho kom dit som 7-åring sommaren 1964 saman med søstera si på fire år.

Video Synnøve Holte om Reknes sanatorium

Sjå og høyr Synnøve Holte fortelje om opplevingane ho hadde på Reknes sanatorium.

– Dei hadde traumatiske opplevingar

Tuberkulosesjuke barn frå eitt til tretten år frå Trøndelagsfylka, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane blei sende til barnesanatoriet på Reknes i Molde fram til slutten av 1960-talet. Dei siste vekene har fleire tidlegare pasientar bestemt seg for å reise oppreisninssak.

Dei har hatt traumatiske opplevingar. Dei blei trua, stengde inne i skap og kjellarar og loft. Det gjekk føre seg tvangsmating. Dette har merka dei for livet, seier advokat Lars Olsvik i advokatfirmaet Unneland.

– Folk må behandlast likt

Det er ulike ordningar for erstatning alt etter kvar folk bur i landet. Situasjonen er heilt ulik i dei to nabofylka Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Medan Sogn og Fjordane har oppretta ei oppreisningsordning fins det ikkje noko slikt i Møre og Romsdal.

– Det bør vere eit grunnleggjande prinsipp både i rettspleie og forvaltning at folk skal behandlast likt. Det er uheldig at nokre fylke ikkje har oppretta ordningar, seier Olsvik.

– Kynisk og hjarterått

I Møre og Romsdal har fylkesrådmannen antyda at det kan bli snakk om dokumentasjon frå dei som søkjer oppreisning. Olsvik reagerer på at pasientar som var ned i to år gamle den gongen skal vere nøydde til å legge fram dokumentasjon så lang tid etter.

– Det er kynisk og hjarterått å meine at barn som opplevde fæle ting då dei kanskje var heilt nede i toårsalderen skal vere nøydde til å legge fram bevis på at ein eller fleire personar dreiv med fysiske og psykiske overgrep. Vi må også hugse på at desse barna blei haldne langt borte frå familien, seier Olsvik.