Hopp til innhold

Ber om ni års fengsel

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim ber om fengsel i ni år for mora og bestefaren i den alvorlege overgrepssaka i Møre og Romsdal tingrett. Ho meiner samtidig at faren skal dømmast til åtte års fengsel, eitt år mindre fordi han har fått diagnosen lettare psykisk utviklingshemma. Nordheim meiner det er bevist at dei tre har bytta på å misbruke dei tre barna over fleire år frå dei var heilt små. Legane som har undersøkt barna meiner dei har fått alvorlege fysiske skadar som følgje av overgrepa.

Ingvild Thorn Norheim
Foto: Synnøve Hole / NRK