Hopp til innhold

Ber om hjelp til straumrekninga

Uvanleg mange ber om hjelp til å betale straumrekninga etter ein periode med rekordhøge prisar. Straumrekningar på opp til 14 tusen kroner blir for mykje for mange.

strøm straum

Vintersola sender eit varmande håp om lågare straumrekning neste gong.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Berre i Ålesund har NAV 150 søknadar til behandling. Folk har kome med rekningar som varierer frå 2000 til 14 000 kroner. Frist for betaling er onsdag, 31. mars.

Aimi Johannessen

Aimi Johannessen fekk sjokk då straumrekninga kom i posten. No får ho truleg hjelp på NAV.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

- Eg fekk sjokk då rekninga kom. Ho var på over 8000 kroner. Det var eit sjokk, seier Aimi Johannessen, som vi møter på NAV.

– Må rekna med dobla straumprisar

Urovekkjande

NAV rapporterer at det er mange fleire enn det som har vore vanleg som no kjem til NAV for å be om hjelp med straumrekninga. Og det er ikkje berre dei som NAV kjenner frå før som treng hjelp.

Knut Røsok

Knut Røsok er avdelingsleiar ved NAV i Ålesund.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

- Det er urovekkjande at det kjem nye grupper til. For mange er dette ei utgiftsside som det kan vere vanskeleg å ta unna. Mange har førebudd seg på at dei høge prisane skulle kome. Dei har gjort eigne tiltak for å få ned straumforbruket. Men dette er vanskeleg, for straum må alle ha, seier Knut Røsok, avdelingsleiar for NAV i Ålesund.

Mobile gasskraftverk kan startast

Kraftselskap tener godt

Stor pågang

Den ustabile kraftmarknaden med voldsomme prishopp har gitt mange straumkundar ein tøff vinter. Også kraftselskapa har uvanleg stor pågang frå folk som ikkje har økonomi til å batale alt på ein gong.

Kari Løken

Kari Løken, informasjonssjef i Tafjord kraft.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

- Vi er imøtekomande så langt som vi kan. Bed folk før fristen om å få delt opp rekninga, så er vi imøtekomande på det. Vi strekkjer oss ganske langt, seier Kari Løken, informasjonssjef i Tafjord kraft.

Får hjelp hos NAV

Dei som har aller minst å rutte med kan få NAV til å ta heile rekninga. Elles kan det bli snakk om eit bidrag til å dekke utgiftene.

- Eg får håpe eg får hjelp, seier Aimi Johannessen. Eg har ein vanskeleg livssituasjon, der eg går på skule og ikkje har så mykje pengar. Men dei virkar veldig snille her, så eg vonar det skal gå bra, seier ho til NRK.

Mindre neste gong

Neste straumrekning blir ikkje så stor som den som skal betalast no. Det lovar infomasjonssjefen i Tafjord kraft.

- Ein gjennomsnittskunde som har fått auka straumrekninga med 3000 kroner kan rekne med ein nedgang på 1500 kroner på neste rekning, seier Kari Løken.