Hopp til innhold

Ber om frifinning i musefelle-saka i Høgsterett

Forsvarar John Christian Elden la ned påstand om at Linda Strand blir frifunnen, då han avslutta si prosedyre i Høgsterett torsdag.

I 2023 tok Strand grep for å verte kvitt det store museproblemet i huset sitt. Ho lokka mus i ei heimelaga felle der musene drukna i ei blanding av frostvæske og vatn. Ho vart dømt for brott på dyrevelferdslova, men no har altso saka hamna i Høgsterett.

Forsvarar Elden meiner at Strand ikkje har gjort seg skuld i noko straffbart då ho konstruerte ei heimelaga musefelle.

På denne måten skal ho ha tatt kverken av hundrevis av mus i familien sitt 400 år gamle tømmerhus.

Linda Strand i Surnadal

Høgsterett behandla heimelaga musefelle - mange hundre følgde saka

Det var stor interesse blant folk då Høgsterett i dag behandla spørsmålet om det er lov å drukne mus i ei heimelaga musefelle.