NRK Meny

Ber om frifinning for å ha forleda

Forsvararen til mannen som blant anna er tiltalt for blotting og for å ha forleda mindreårige til å ha kledd av seg framfor nettkamera, bed om at retten behandlar tiltalte på mildast mogleg måte.

Forsvararen meiner tiltalte må frifinnast for å ha forleda mindreårige til å kle av seg og å utføre seksuelle handlingar.

Forsvararen meiner også at han må frifinnast for fire blotting-tilfelle. Straffa bør ikkje overstige to år, sa forsvarar Mari Vik-Slettvoll.