NRK Meny

Ber om forhandlingar med Ålesund

Høgre i Sykkylven ber om at kommunen startar forhandlingar om samanslåing med den nye storkommunen Ålesund. Det skjer gjennom en interpellasjon i kommunestyret førstkomande måndag. I 2016 inngjekk Sykkylven ein intensjonsavtale både med Ålesund og ni andre kommunar, og ein inetnasjonsavtale med Stranda, men begge blei avvist av kommunestyret. Høgre meiner mellom anna at Sykkylven har tapt økonomisk på å halde fram som eigen kommune.