NRK Meny
Normal

Ber om distriktstilskot og fraktstøtte

Fylkesleiar Oddvar Mikkelsen i Bondelaget ber landbruksminister Jon Georg Dale sjå mot heimfylket når han om kort til skal legge fram ei jordbruksmelding.

Oddvar Mikkelsen

Fylkesleiaren i Bondelaget håper Vestlandet blir prioritert i jordbruksmeldinga.

Foto: Roar Halten / NRK

Der skal Dale peike ut retninga for norsk landbruk i åra som kjem. Mikkelsen meiner det er behov for ei retningsendring. Han viser til Norsk institutt for bioøkonomi som før helga la fram driftsgranskingane for rekneskapsåret 2015.

Der går det fram at jordbruksinntekene på landsbasis har auka med 13 prosent, men saman med fylkesleiarane i Bondelaga i Hordaland og Sogn og Fjordane meiner Mikkelsen dette i liten grad er Dale si forteneste. Dei meiner gode avlingar og at veret har vore på bøndene si side er viktigare. Samtidig har vilkåra frå TINE, Nortura og Felleskjøpet vore gode.

Stått i ro

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale presenterer Melding til Stortinget om pelsdyrnæringen

Statsråd Jon Georg Dale skal legge fram jordbruksmeldinga.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Mikkelsen meiner og det er viktig og merke seg at dei store bruka har klart betre inntektsutvikling enn dei små, og at dette er styrt av politikken.

– For vestlandsbonden har jordbruksinntektene stått i ro, seier Mikkelsen.

Han meiner statistikken viser at bøndene på våre trakter tener langt mindre enn til dømes ein jærbonde, og noko av årsaka er det krevande terrrenget i vestlandsfylka.

– Jordlappane er små og ligg spreidt mellom fjære og fjell langs fjordane og oppe i dalsidene. Vi kan ikkje på same måte som til dømes på austlandet tilpasse oss regjeringa sin politikk om å bli stadig større.

Jordbruksmelding

Bondelaget meiner konsekvensen blir at stadig fleire legg ned drifta, som igjen gjer at mindre mjølk og kjøt blir produsert på Vestlandet, og meir areal gror igjen.

– Politikken som blir ført av noverande og den førre landbruksministeren har ramma hardast i det distriktet dei sjølve kjem i frå. No kan statsråd Dale rette opp i dette, og prioritere distriktstilskot og fraktstøtte i den meldinga han skal legge fram.