Ber om byggestart i 2019

Stad skipstunnel må få byggestart i 2019, har Sogn og Fjordane Venstre vedtatt i ein uttale. I framlegget til Nasjonal Transportplan 2018-2029, ligg tunnelen inne med nesten 2,3 milliardar kroner, men dette er avhengig av kor stort det endelege samferdselsbudsjettet blir. Rask oppstart må vere eit samla krav frå Vestlandet, meiner Sogn og Fjordane Venstre.

Fugleperspektiv Stad Skipstunnel
Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex