Hopp til innhold

Ber om billegare gjødsel

Bøndene fortvilar over dyr kunstgjødsel. Sidan 1. juli i fjor har prisen dobla seg.

Kunstgjødsel

VIL SEINKE PRISEN: Bøndene håpar på lågare pris når Felleskjøpet Agri skal forhandle med gjødselgiganten Yara.

Foto: Torunn Myhre / NRK

Sidan i fjor sommar har prisen på kunstgjødsel vore eit stridstema.

Den internasjonale marknaden hadde større behov for kunstgjødsel og dermed auka prisane.

- Bør verte billegare

Neste veke startar Felleskjøpet Agri nye prisforhandlingar med gjødselgiganten Yara.

Produktsjef Engebret Dæhlin trur prisane vil gå ned.

- Pilane peikar jo andre vegen no, og prisen i det internasjonale marknaden har sunke. Dermed reknar eg med ein også må setje den ned i Noreg, seier Dæhlin.

Bøndene brukar meir møkk

Sidan gjødselsesongen starta 1. juli har salet gått vesentleg ned.

- Eg anslår det til å vere rundt 25 prosent. Ein hovudårsak er at bøndene har vorte flinkare til å nytte gjødsel frå husdyra, seier Dæhlin.

Fryktar fleire sluttar

Bondelagsleiar Arne Magnus Aasen fryktar auka gjødselsprisar kan få fleire bønder til å finne seg andre jobbar.

- Frykta mi er at bonden ser at inntekter og utgifter ikkje går overeins. Den store utfordringa i verda er jo å produsere nok mat, seier Aasen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL