Hopp til innhold

Ber om at Stortinget må avgjere plasseringa av politimeisteren

Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet vil at plasseringa av dei nye politimeistrane skal bli ei sak for Stortinget.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet seier at ho vil kjempe for å få politimeisterstillinga til Kristiansund.

Foto: Bernt Sønvisen

I går blei det kjent at politidirektoratet vil at Ålesund, og ikkje Kristiansund, skal bli hovudsete i det nye Møre og Romsdal politidistrikt.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet seier at ho vil kjempe for å få politimeisterstillinga til Kristiansund.

– Eg synest at både Ålesund og Kristiansund er gode alternativ, men denne gongen meiner eg at Kristiansund må få noko, og eg trur det blir eit godt val å legge politimeisterstillinga dit, seier ho.

Sak for Stortinget

No vil Klinge at plasseringa av dei nye politimeistrane skal bli ei sak for Stortinget.

– Det som er spesielt her er at det er politidirektøren som legg fram dette forslaget, og ikkje berre det, det er politidirektoratet som skal avgjere kva byar som skal få politimeisterembetet, seier ho.

Det er Sp sterkt imot.

– Vi har retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar som heilt klart seier at ved større strukturendringar så skal desse endringane avgjerast i regjering, seier Klinge.

Vil legge fram eit forslag

I den samanheng vil Klinge i dag legge fram eit forslag for Stortinget der ho ber om at dette blir ei sak der politikarane skal avgjer plasseringa av dei nye politimeisterstillingane i Noreg.

– Det gjer vi fordi vi ønskjer at dette skal avgjerast politisk og ikkje i etatane, seier ho.

Klinge meiner det er viktig at dei ulike partia tek stilling til, og tørr å ha ein meining om plassering av statlege arbeidsplassar i staden for å skyve ansvaret over på politidirektoratet.

– Eg veit ikkje om det nødvendigvis fører til at Kristiansund får politimeisteren. No står det att å sjå kva dei andre partia gjer, og vi fryktar for å ikkje få fleirtal.

– Samtidig så er dette noko alle partia er nøydd til å ta stilling til når vi no kjem med forslaget, og då opnar det opp for at denne prosessen blir gjort på ein annan måte, seier ho.