Ho meiner også at kyrkjene i framtida bør seie nei til å ta imot asylantar.
I Tingvoll har ein albansk familie på fire sitte i kyrkjeasyl i snart tre år, og i Sunndal har ein bosnisk familie søkt tilflukt i kyrkjelydshuset.
Brev til statsministeren
Familien Kajolli
Tøvik har sendt brev til statsminister Kjell Magne Bondevik om saka og ventar no på eit endeleg svar frå Utlendingsdirektoratet.
Familien Kajolli frå Albania kan feire eit dystert treårsjubileum som kyrkjeasylantar i Tingvoll 5. januar.
Desse tre åra har foreldra og dei to tenåringsgutane håpt på opphald, men utan å få sakene avgjort.
I nabokommunen Sunndal har ein familie på fire søkt tilhald i kyrkjelydshuset på Sunndalsøra, og dei er ikkje åleine.
I heile landet sit 33 menneske i kyrkjeasyl, fleire av dei er born - og mange har venta i årevis på ei avgjerd.
Juleamnesti
Erna Solberg
Kommunalminister Erna Solberg har også i år gitt alle kyrkjeasylantar juleamnesti i dagane mellom julaftan og 1. nyttårsdag.
Men Tøvik meiner ho burde gitt grønt lys for eit generelt amnesti under saksbehandlingstida, og sende for kort tid sidan brev både til kommunalministeren og barne- og familieministeren.
I byrjinga av desember overleverte ho personleg brevet til statsminister Kjell Magne Bondevik då han var i Molde.
Tøvik fekk for nokre få dagar sidan beskjed frå statsministeren om at forslaget er sendt over til Utlendingsdirektoratet, og ho fryktar at det endelege svaret derifrå blir negativt.