Hopp til innhold

Ber om å trekke vindkraftkonsesjon

Rådmannen i Haram meiner at konsesjonsvedtaka for vindkraftanlegg på Haramsfjellet er ugyldige. Ho peikar på at mangel på allmenn medverknad ved endring av konsesjonen er ein saksbehandlingsfeil. Ho rår kommunestyret om å be Olje- og energidepartementet trekke tilbake konsesjonen. Kommunestyret skal behandle saka tysdag i eit ekstraordinært møte. NVE har godkjent detaljplanen for vindkraftanlegget og bygginga startar rundt 1. oktober.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL