Ber om å få selje alkohol på bensinstasjonane

Medan daglegvarebutikkane kan søkje om statleg støtte til å selje drivstoff, er det forbod mot sal av alkohol på bensinstasjonane. Dette er urettferdig, meiner dei som driv bensinstasjonane i distrikta.

bensinstasjoner og alkoholsalg Steinar Krakeli som driver Best bensinstasjon i Eide

Steinar Krakeli driv bensinstasjon på Eide i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er tidleg føremiddag, og vi har stoppa ved Best bensinstasjon like utanfor sentrum av Eide i Møre og Romsdal. Her har familien Krakeli drive bensinstasjon i fleire mannsaldrar. No er det Steinar som har ansvaret.

– Konkurransen er tøff. Det blir stadig fleire ubemanna bensinstasjonar og daglegvarebutikkane får fylle drivstoff. Men vi skal klore oss fast, seier Steinar Krakeli.

Utanfor ein Kiwi-butikk nokre hundre meter lenger opp står det ei bensinpumpe. Det gjer at konkurransen har vorte tøffare. I tillegg til å kjøpe drivstoff kan kundane velje og vrake i varer på butikken like ved, mellom anna kan dei kjøpe alkohol. Men på bensinstasjonen er det forbod mot å selje alkoholhaldig drikke. Steinar Krakeli meiner det er urettferdig.

– Det ville ha gitt oss eit meir fullverdig tilbod. Då kunne kundane ha kome hit for å fylle drivstoff, også kunne dei ha kjøpt med seg øl. No dreg dei kanskje heller til daglegvarebutikken der det er mogleg å kjøpe øl, og så kan dei fylle drivstoff i tillegg. Eg meiner vi burde få høve til å søkje kommunen om løyve til å selje alkohol.

– Konkurransevridande

leder i Virke Servicehandel Iman Winkelman.

Iman Winkelman er leiar i Virke servicehandel.

Foto: Olav Døvik / NRK

Men butikkane har endå ein fordel. Dei kan søkje om økonomisk støtte frå det statlege Merkurprogrammet for å setje opp ei bensinpumpe. Det kan ikkje bensinstasjonane. Leiar i Virke servicehandel, Iman Winkelman, meiner at butikkane og bensinstasjonen ikkje blir behandla på like fot.

– Dette er veldig konkurransevridande. Bensinstasjonar og kioskar blir møtt med eit statleg forbod mot sal av alkohol, medan daglegvarebutikkane kan få statleg støtte til selje drivstoff.

Han seier at øl er den største og mest lønnsame gruppa blant norske daglegvarer.

Når bensinstasjonane ikkje får selje øl medan butikkane får selje drivstoff så taper bensinstasjonane konkurransen. Det kan føre til færre bemanna bensinstasjonar i distrikta.

Regjeringa seier nei

Men for politikarane veg alkoholpolitiske omsyn tungt. Regjeringa har levert ei stortingsmelding om konkurransesituasjonen i daglegvarebransjen som no ligg til behandling i næringskomiteen til Stortinget. Der seier regjeringa nei til sal av alkohol på bensinstasjonane.

Dei alkoholpolitiske fordelane ved forbodet er vurdert å vege tyngre enn dei konkurransemessige konsekvensane av eit slikt forbod. Vidare meiner regjeringa at forbod mot sal av alkoholhaldige drikker på bensinstasjonar har vore ein del av arbeidet med alkoholfri trafikk.

Nærings- og Fiskeridepartementet

Alkoholpolitiske omsyn

Geir Pollestad (Sp) er leiar i Stortingets næringskomité.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Innan 17. desember skal næringskomiteen på Stortinget kome med innstillinga si. Komiteleiaren, Geir Pollestad (Sp), seier at han støttar regjeringa.

– Eg forstår frustrasjonen til dei som driv bensinstasjonane, og eg ser dilemmaet, men her er det dei alkoholpolitiske omsyna som vinn. Når vi er så opptekne av at alkohol og bilbruk ikkje høyrer saman så ønskjer vi ikkje å ha sal av alkohol på bensinstasjonar, som jo i stor grad vender seg til dei som ferdast på vegen.

– Forstår ikkje argumenta

bensinstasjoner og alkoholsalg Steinar Krakeli som driver Best bensinstasjon i Eide i Møre og Romsdal

Steinar Krakeli meiner han bør få moglegheita til å søkje om løyve til alkoholsal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Men innehavaren av bensinstasjonen på Eide synest det er rart at det skal vere verre å kjøpe øl på bensinstasjonen enn på daglegvarebutikken.

– Den som skal kjøpe øl på daglegvarebutikken køyrer jo bil for å kome seg til butikken, så kvifor ein ikkje kan køyre til bensinstasjonen for å kjøpe alkohol forstår eg ikkje, seier Steinar Krakeli.