NRK Meny
Normal

Aktor: – Må dømmast for uforsiktig køyring og aktlaust drap

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Aktor meiner den ukrainske bussjåføren var grovt uforsiktig under bussulykka i Valldal.

Magnus Engh Juel

Aktor Magnus Engh Juel kom med eit krav om 120 dager fengsel for bussjåføren som er tiltalt for uforsiktig køyring og aktlaust drap etter bussulykka i Valldal.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Det kom fram i Sunnmøre tingrett fredag.

Aktor Magnus Engh Juel har likevel gått med på å sleppe fri den ukrainske bussjåføren ved dommens forkynning, som etter planen skal vere seinast fredag i neste veke.

Mannen har allereie sona mesteparten av dei 120 dagane i fengsel som aktor krev. Aktor la også ned påstand om tap av førarretten i fire år. I tillegg la Mette Ekroll Nyland, bistandsadvokaten til kvinna som mista mannen sin i bussulykka, fram eit krav om ei oppreising på 125.000 norske kroner.

Meiner sjåføren var grovt aktlaus

Både aktor og bistandsadvokaten meinte at den tiltalte bussjåføren hadde vore grovt aktlaus då han kolliderte med ein personbil like før dødsulykka, noko begge la stor vekt på det under prosedyrane sine.

– Tiltalte har sjølv forklart at han la seg så langt ut i sida som han kunne. Han la seg så langt ut at han ikkje kunne bremse hardt. Då meiner eg at han ikkje har vore så tilstrekkeleg aktsam som han burde for å unngå at ein farleg situasjon oppstod, sa aktor Magnus Engh Juel.

Bussulykke Vallda

Fleire skadd og ein person omkom i ei alvorleg bussulykke i Valldal i juli i år.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Han meinte det var fleire ting som argumenterte for at den ukrainske sjåføren hadde vore aktlaus.

– Tiltalte hadde høg fart med tanke på forholda, vegen var smal, men oversiktleg og han køyrde ein tung buss full av passasjerar. Det var snakk om eit relativt stort skadepotensial her. Han burde innsett risikoen for ei alvorleg ulykke, sa Engh Juel.

Aktor vektla at det skal dømmast for grov aktlaus når handlinga er sterkt klanderverdig, noko han meinte det var her. Han vektla at sjåføren ikkje tok nok forholdsreglar og hadde ei risikoåtferd som han meinte ikkje var haldbar.

– I staden for å halde så låg fart at han kunne bremse, så la han seg heller langt ut i vegen og satsa på at det gjekk bra. Det er også større krav til føraren når han har god tid til å handle.

Styresnekka

I retten har det også blitt lagt vekt på styresnekka som blei øydelagt i samanstøyten med personbilen. Aktor meiner likevel at den øydelagde styresnekka ikkje bør vere avgjerande for om sjåføren blir dømt.

– Det er snakk om tilfelle og små marginar. Styresnekka blei skada av kollisjonen. Ingen kollisjon, og det ville truleg aldri blitt ei ulykke. Hastigheita til sjåføren er sentralt her.

Bistandsadvokat Mette Ekroll Nyland la vekt på mange av dei same elementa som aktor i si prosedyre.

– Det er ingen som tvilar på at bussjåføren skulle ønske at dette aldri hadde skjedd. Det er ikkje snakk om forsett, men derimot grov aktlaus. Sjølv om han ikkje kunne vite akkurat kva som skjedde, så burde han ha skjønt at ei ulykke kunne skje, sa ho.

Les alt om saka her: