Hopp til innhold

Ber nye jurister vurdere om sjukehusvedtaket er lovleg

Nordmørsordførarane ber no nye juristar vurdere om vedtaket om lokalisering av det nye sjukehuset i Møre og Romsdal er lovleg. Søndag blei det kjent at eit advokatkontor som arbeider på oppdrag frå Helse Møre og Romsdal meiner vedtaket er gyldig. Kritikarane har ikkje tillit til det arbeidet.

Ingunn Golmen

Ingunn Golmen, som representerer ordførarane og rådmennene på Nordmøre, vil ha nye juristar til å vurdere om vedtaket om nytt sjukehus i Molde, er lovleg.

Foto: Trond Vestre / NRK

Nordmørsordførarane ber no nye juristar vurdere om vedtaket om lokalisering av det nye sjukehuset i Møre og Romsdal er lovleg. Bakgrunnen er påstandane om korrupsjon og press skal ha påverka avgjerda, slik at helseministeren til slutt konkluderte med bygging i Molde, og ikkje nabobyen Kristiansund.

Protesterer på konklusjonen

Advokatfirmaet Thommessen har på oppdrag frå Helse Møre og Romsdal vurdert saka, og konkluderer med at vedtaket ikkje er ugyldig. Men ikkje alle tek det for god fisk.

Vi kjenner oss ikkje trygge på at det som er konkludert med i rapporten, er det korrekte resultatet. Vi ønskjer ei vurdering frå eit anna juridisk miljø for å sjå vedtaket opp mot dei avvika som er påpeika også i Thommessen sin rapport, seier Ingunn Golmen, som er leiar for ordførar- og rådmannskollegiet på Nordmøre.

- Siste ord er ikkje sagt

Heller ikkje advokat Vidar Strømme, som har bistått nordmørskommunane i saka, er særleg imponert.

- Eg vil ikkje gje karakter, men eg er usamd, og siste ord er ikkje sagt. Eg er tvilande til det faktiske grunnlaget og tolkinga, og den enklare behandlinga av e-posten, slår Strømme fast søndag ettermidag.

E-post vekkjer reaksjonar

Det er spesielt ein intern e-post, som blei offentleggjort i formiddag, som vekkjer reaksjonar hos Golmen. Her kjem det fram at helseministeren tidleg i desmber let det skine gjennom at han ønskte det nye sjukehuset i Møre og Romsdal til Molde og ikkje nordmørsbyen Kristiansund. Dersom statsråden har gitt slike signal, er det ulovleg. Statsråden tilbakeviser innhaldet i e-posten, og styreleiaren i Helse Møre og Romsdal, Stein Kinserdal, som skreiv eposten, etter å ha møtt helseministeren, trekkjer no tilbake utsagnet.

- I den e-posten tillegg eg Høie at han gir meg signal som er sterkare enn eg hadde grunnlag for. Dermed er det viktig for meg å seie at Høie ikkje gav noko som kunne oppfattast som styringssignal, men berre blei kort-kort orientert om at eg ønskte å gå for Oppdøl, seier Kinserdal søndag ettermiddag.

Konkluderer med truleg lovbrot

Advokatfirmaet Thommessen har vurdert saka på oppdrag frå Helse Møre og Romsdal, og konkluderer med at helseforetakslova truleg er brota, fordi Helse Midt-Noreg har gitt ulovlege signal, eller forsøkt å gje ulovlege signal.

Likevel er konklusjonen at dette ikkje gjer vedtaket ugyldig. Advokatane meiner avgjerda uansett ville blitt den same.

Konklusjonen blei lagt fram på eit ekstraordinært styremøte om saka søndag formiddag, etter at tre styremedlemer onsdag bad om at juristar vurderer vedtaket om bygging av det nye sjukehuset i Molde.

Vil framleis ha ny behandling av saka

Golmen har ikkje gitt opp håpet om at konklusjonen om bygging av sjukehus i Molde, kan bli gjort om.

– Ingenting er umogleg. Så vil tida vise kva som er realistisk, det får vi sjå på, men vi ønskjer ein ny, grundig gjennomgang av saka. Det har vi sagt heile tida, og det står vi framleis på, seier Golmen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL