Ber naboar lukke vindauga

Politiet melder at ingen personar så langt har blitt påverka av røyken frå gjenvinningsanlegget til Franzefoss i Sunndal. Brannen skal ha starta i ein haug med treavfall. På grunn av stor røykutvikling ber politiet naboane til anlegget og andre som bur i sentrum om å lukke vindauga sine. – Det er ikkje snakk om å evakuere nokon på dette tidspunktet, seier Borge Amdam, operasjonsleiar i politiet.