Hopp til innhold

Ber minister trekke tilbake vindkraftkonsesjon

Neste veke startar bygginga av åtte vindturbinar på Haramsfjellet på Sunnmøre. Eit ekstraordinært kommunestyre i Haram ber Olje- og energiministeren trekke tilbake konsesjonen.

Jubel blant tilhøyrerane i kommunestyret i Haram

Tilhøyrarane jubla etter det samrøystes vedtaket i Haram kommunestyre.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Åtte 150 meter høge vindturbinar lagar bråk i Haram. Bygginga skal etter planen starte neste veke og i dag møttest politikarane i Haram kommune i eit ekstraordinært kommunestyremøte.

Eit samrøystes kommunestyremøte meiner det er gjort saksbehandlingsfeil, som gjer at konsesjonen må behandlast på nytt.

– Konsesjonen vart gitt i ei tid då det var stort straumunderskot og det vart vektlagt. Slik er ikkje situasjonen i dag og på fleire andre område er mykje annleis enn for 10 år sidan. Vi håper det vi spelar inn no blir seriøst vurdert, seier ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp)

Opphavleg vart det gitt løyve til 16 vindturbinar. I dag er talet på turbinar halvert og det same er effekten. Kommunen er også kritisk til at folk ikkje har fått medverka i prosessane i desse åra. Det er berre dei som har blitt direkte råka av vindkraftanlegget som har fått uttalt seg etter at konsesjonen vart gitt.

I august vart detaljplanen for bygginga godkjend av NVE og det er denne politikarane no klagar på. Også fylkesutvalet i Møre og Romsdal støttar Haram kommune i ankesaka.

Vebjørn Krogsæter, Senterpartiets ordførerkandidat i Ålesund

Ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) meiner mykje har endra seg sidan den endlege konsesjonen vart gitt i 2009.

Foto: Trond Vestre / NRK

Provosert over utbyggar

Med dagens vedtak håper politikarane at bygginga blir sett på vent til klagen er behandla.

–Eg synest utbyggaren si innstilling er respektlaus, skakande og provoserande. Det er med på å bygge opp under eit opprør i befolkninga som kan medføre sivil ulydnad, seier Cine Finstad Austnes (Frp).

Det er energiselskapet Zephyr som bygg vindkraftverket og dei har tidlegare sagt at dei tar risikoen med å starte bygginga, før anken er behandla.

Ordførar Krogsæter meiner sinnet ikkje må rettast mot utbyggaren, som har løyve til å bygge. Det er NVE og Olje- og Energiministeren som sit med fasiten.

Trussel mot naturen

Birgit Oline Kjerstad

Birgit Oline Kjerstad er leiar i aksjonsgruppa. Ho trur vindkraftutbygginga kan stansast.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Mange vindkraftmotstandarar møtte opp med plakatar på kommunestyremøtet og enkelte demonstrerte i raude luer.

20 år gamle Inga Rogne plar vanlegvis ikkje møte opp på kommunestyremøte, men i dag var eit unntak. Ho synest vindkraftplanane har gått altfor stille for seg og meiner bydefolket burde ha vore meir involverte.

– Eg huskar det var protestar då eg var lita, men så var det stille i mange år. At det kan bli bygging no snart, er heilt uverkeleg, seier Rogne.

Inga Rogne og Ane Flem demonstrerer mot vindkraftanlegget på Haramsøya

Inga Rogne og Ane Flem protesterar mot vindkraftanlegget.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Aksjonsleiar Birgit Oline Kjerstad har tru på at vindkraftanlegget blir stansa etter anken til Haram kommune.

– Eit slikt vindkraftverk på denne vesle øya, i eit landskap som er verdifullt for oss, er altfor stort. Det er ein trussel både mot bumiljø, friluftsområde og fugl, seier leiar i Nei til vindkraft på Haramsøya, Birgit Oline Kjerstad.

Det er NVE som skal behandle saka, før den vert sendt vidare til Olje- og energidepartementet.

Olje og energiminister Kjell-Børge Freiberg seier at dei vil vurdere alle relevante sider av saka i klagebehandlinga.

Zephyr seier at dei førebels tar kommunenen sin klage til vitande. Dei vil sjå nærare på nokre av temaa kommunen tar opp.