NRK Meny
Normal

Ber mannen slutte i Nordsjøen etter helikopterulykka

Bergljot Eriksson (60) i Kristiansund tryglar mannen sin om å slutte som plattformarbeidar etter helikopterulykka fredag. Ho seier ho ikkje får fred før han er på land igjen.

Bergljot Eriksson

Bergljot Eriksson ber mannen sin slutte å reise i Nordsjøen, etter helikopterulykka fredag. Ho seier ho ikkje får fred før han er heime igjen.

Foto: privat

Det har blitt daglegdags for Bergljot Eriksson å ta farvel med ektemannen, Bengt Eriksson (61), som jobbar i Nordsjøen. Som tillitsvalt for LO i Statoil reiser han frå plattform til plattform, og berre i fjor hadde han 64 helikopterturar. No seier kona stopp.

– Eg har ikkje lyst at han skal arbeide i Nordsjøen meir. Eg seier til han: pensjoner deg fortast mogleg. Skulle det skje noko, veit eg ikkje...,sukkar Bergljot Eriksson. Ho seier ho reagerte med angst då ho høyrde om ulykka fredag.

Eg tenkte at eigentleg kunne det like godt vore han Bengt som sat i helikopteret akkurat då det skjedde, seier ho.

– Mange grur seg for å reise ut igjen

Bergljot og Bengt Eriksson

Helikopterulykka var også tema under 1. mai-markeringa i Kristiansund, der Bergljot og Bengt Eriksson deltok søndag.

Foto: privat

Helikopterulykka utanfor Bergen fredag har skaka heile Noreg. 13 menneske omkom, dei fleste heimehøyrande i Hordaland og Rogaland. Men langs heile kysten bur folk som enten jobbar i Nordsjøen sjølv, eller kjenner andre som gjer det.

– Eg har vore redd før. Det har vore uver og forseinkingar, og eg har ikkje kjend meg trygg. Dette er beviset på at det kan skje fæle ting, seier ho.

Bengt Eriksson seier kona langt frå er den einaste som reagerer med frykt og angst på det som har skjedd. Som tillitsvald har han fått fleire reaksjonar frå folk som seier dei er redde og grur seg til å reise ut igjen, og som nektar å flyge med den typen Super Puma-helikopter som styrta fredag.

– Å ja, ja, ja, ja, ja, det er klart det. Det har eg allereie fått tilbakemelding på, seier han.

Søndag var han sentral under 1. mai-markeringa i Kristiansund. Der blei den tragiske helikopterulykka markert med eitt minutts stillheit.

Reiser snart ut igjen

Trass i formaningane frå kona, reiser han ut igjen til Nordsjøen igjen 9. mai. Han er vand med den faste ruta med fly frå Kristiansund til Bergen, og deretter med helikopter vidare ut til Nordsjøen, og grur seg ikkje. Men det gjer kona.

Eg kjem til å tenkje mykje på det. Eg trur nok ikkje eg får fred før han kjem på land igjen, seier ho.