NRK Meny
Normal

Ber kommunane dempe løypekonfliktar

Det skal vere plass både til gåande og skiløparar på fjellet om vinteren, seier dagleg leiar i Møre og Romsdal skikrets. Han ber kommunane bidra til å dempe konfliktnivået.

Kringsjå i Moldemarka

I Moldemarka blir det lagt til rette for turgåarar og skiløparar. Her er det Nordmøre og Romsdal friluftsråd som tek delar av kostnaden.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Å legge best mogleg til rette for alle partar dempar konfliktnivået. At kommunane går aktivt inn i spørsmåla rundt trakking av løyper er viktig, seier Stig Aambø, dagleg leiar i Møre og Romsdal skikrets.

– Det skal vere plass både til gåande og skiløparar på fjellet om vinteren, seier Aambø.

Høgt konfliktnivå

På Emblemsfjellet i Ålesund har det den siste tida vore heftige diskusjonar mellom turfolket og idrettslaget om kven som skal få bruke området på vinterstid.

Idrettslag over heile landet bruker kvart år store ressursar og tusenvis av dugnadstimar på å trakke skiløyper og legge til rette for alle som ønskjer å gå på ski. Frustrasjonen blir då stor når løypene blir trakka ned av turgåarar som også ønskjer å bruke området.

Suksess i Tromsø

Henrik Romsaas

Henrik Romsaas er friluftsrådgivar i Tromsø kommune. Han fortel at for Tromsø blei løysinga eigne gå- og skisoner som kommunen tek kostnaden med å trakke.

Foto: Privat

Kristiansand, Lillehammer, Oslo og Trondheim er blant kommunane som trakkar eigne løyper for gåande. I Tromsø har eigne gåsoner dempa konflikten.

– Vi bruker mykje pengar på å trakke gå- og skiløyper kvart år. I den store samanhengen er det rimeleg samanlikna med det vi får igjen når det gjeld folkehelse, fysisk aktivitet, trivsel, integrering, transport og rekreasjon, seier Henrik Romsaas, friluftsrådgivar i Tromsø kommune.

Kommunen tek den fulle kostnaden av å trakke bynære løypene på vinterstid, men det har også vore viktig å jobbe med haldningsendringar.

– Vi har gått aktivt ut i media og skrive i kommentarfelt. Vi har vore tydeleg på kva vi meiner samtidig som vi har hatt tett dialog med brukarane. Det har vore ein suksessfaktor, seier Romsaas og påpeiker at bruken av marka har auka etter at dei innførte eigne gåsoner.

Gåsone i Tromsø

I Tromsø har eit skilt som viser gåsona og skisona lagt ein dempar på konflikten mellom skiløparar og turgåarar.

Foto: Henrik Romsaas / Tromsø kommune

Spleiselag i Molde

Stig Aambø

Stig Aambø, dagleg leiar i Møre og Romsdal skikrets, meiner kommunane kan ta ein del av kostnaden ved å trakke løyper.

Foto: Privat

I Molde dekker kommunen gjennom Nordmøre og Romsdal friluftsråd delar av kostnaden ved å køyre opp eigne turløyper for gåande.

– Det er ein stor kostnad for idrettslaga å trakke løyper, både i driftskostnadar og frivilligarbeid. Det hadde vore ei stor hjelp om kommunane kunne tatt ansvaret og lagt meir til rette for begge aktivitetar, seier Aambø i Møre og Romsdal skikrets.

– Vil sjå på saka

Helsekoordinator Ingvill Holmen i Ålesund trur det er mogleg å finne ei ordning på striden på Emblemsfjellet.

– Det er veldig bra at folk vil vere ute, enten dei går på ski eller beina. Det viktige er at ein kan ta omsyn til kvarandre, seier ho.

Varaordførar i Ålesund, Tore Johan Øvstebø (KrF), vil ikkje forskottere at kommunen tek rekninga for trakking, slik Tromsø gjer.

– Først må det ei fagleg vurdering til før kommunen kan ta stilling til om vi skal dekke kostnaden. I tillegg er det eit praktisk og politisk spørsmål. Dette er to grupper som begge ønsker å kome seg ut i frisk luft og ta vare på helsa si så eg håper vi kan finne ei løysing.

Kommunen vil no kalle inn til eit møte med partar frå kommunen, friluftsrådet og langrennsgruppa for å sjå på saka.