Hopp til innhold

Ber om pengehjelp til rettssak mot bank

Tone og Svein Henjesand (47) har selt både bil og tomt for å få pengar til rettssaka mot Nordea. No håper dei at andre vil opne lommeboka.

Tone Henjesand, Paul Johnny Gundersen, Svein Henjesand

Sambygdingen Paul Johnny Gundersen, i midten, har starta innsamlingsaksjon for Tone og Svein Henjesand. Han meiner dei bør bruke kreftene på sjølve rettsaka mot Nordea, og at dei kjempar ein viktig kamp for andre.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ekteparet i Haram på Sunnmøre hadde neppe sett for seg at kronerulling skulle bli resultatet, då dei tidlegare i sommar vann fram mot Nordea i retten. Paret har tapt rundt to millionar kroner på valutaspekulasjonar, og Sunnmøre tingrett konkluderte i sommar med at banken hadde gitt dei mangelfull rådgjeving.

Men Nordea anka dommen, og ekteparet treng meir pengar til ei ny rettssak. Difor blir det no sett i gang ein innsamlingsaksjon for dei.

Tone og Svein Henjesand

Tone og Svein Henjesand treng meir pengar til neste rettsak mot Nordea. No håper dei å få hjelp frå andre.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Det er ukomfortabelt og litt flautt, men vi ser at det er eit behov for kapital, og det er også greitt at det kjem fram kor vanskeleg det er for forbrukarane i dag, seier Svein Henjesand.

Tapte stort på valutalån

Alt starta med forskot på ein arv og draumen om eit sommarhus i Frankrike. For snart ti år sidan tok dei opp eit valutalån for å finansiere huset, men etter kort tid blei det langt meir kostbart enn venta.

Tone Henjesand ser på feriehuset i Frankrike

Sommarhuset i Frankrike blei langt frå berre glede for Tone Henjesand. Sunnmøre tingrett slo i sommar fast at lånet dei tok opp for å finansiere huset, var eit høgrisikoprosjekt.

Foto: Synnøve Hole / NRK

I dommen frå Sunnmøre tingrett kjem det fram at Nordea burde frårådd ekteparet å inngå avtale om valutalån. Sambygdingen Paul Johnny Gundersen meiner det ei stor påkjenning for vanlege folk å kjempe mot bankar og finansinstitusjonar. Han har difor tatt initiativet til innsamlinga.

– Det er veldig viktig at dei klarer å stå løpet ut mot finansgiganten Nordea og klarer å få ein dom, som igjen kan setje lys på alle andre liknande saker, seier han.

Gundersen hevdar det finst mange som har fått dårlege råd hos bankane sine, og at ekteparet difor tek ein kamp for mange andre, når dei no møter Nordea i retten for andre gong.

Tone Henjesand, Paul Johnny Gundersen, Svein Henjesand

Paul Johnny Gundersen syns ikkje ekteparet skulle kjempe kampen åleine, og ba om å få starte ein innsamlingsaksjon for sambygdingane sine. Først sa dei nei, men etterkvart vart det ja.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Les også:

Får ikkje hjelp frå Forbrukarrådet

Tone og Svein Henjesand var tidleg i kontakt med Forbrukarrådet for å få hjelp. Dei har eigne advokatar, som gjer det mogleg å føre prinsipielle forbrukarsaker for retten, men sa nei til ekteparet.

– Forbrukarrådet har vore veldig skuffande. Dei har tidlegare sagt at dei støttar slike saker, men når alt kjem til alt, trekkjer dei seg, seier Henjesand.

Fagdirektør Jorge B. Jensen stadfestar at dei ikkje ønskte å støtte paret økonomisk, men seier Forbrukarrådet har tilbydd eit juridisk støtteskriv, som ekteparet førebels har takka nei til. Han legg til at Forbrukarrådet vil vurdere saka på nytt dersom Tone og Svein Henjesand taper i lagmannsretten.

Jorge B. Jensen

Fagdirektør Jorge B. Jensen i Forbrukarrådet seier dei sa nei til å støtte ekteparet i rettsaka, fordi dei meiner saka ikkje er prinsipiell nok.

Foto: Kjell Håkon K. Larsen

– Forbrukarrådet, som er offentleg finansiert, kan berre gå inn i rettsaker der det er heilt openbart at saka vil dreie seg om prinsipielle rettslege avklaringar som er overførbare til andre forbrukarar, seier Jensen.

Paret seier dei brukte rundt 600 000 kroner på første rettsrunde. No håper dei å få 250 000 kroner frå kjende og ukjende til ankebehandlinga. Rettssaka i Frostating lagmannsrett startar i februar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL