Den to år gamle guten skulle ta ein mandeloperasjon ved Molde sjukehus, men døydde på operasjonsbordet i 2009. Pusteslangen blei lagt i spiserøret i staden for i luftrøret, og for få dagar sidan kom rapporten frå Helsetilsynet, som har granska saka.
Her får sjukehuset kritikk, men tilsynet vil ikkje ta stilling til påstandar frå fleire tilsette om press frå sjefane før politiavhøyra starta.
Les også:
Skarp kritikk dei siste dagane
Dei siste dagane har fleire ekspertar kome med skarp kritikk mot tilsynet, og forklaringa om at det fell utanfor deira mandat "fordi det er ein del av det psykososiale arbeidsmiljøet".
I Aftenposten laurdag reagerer fleire politikarar kraftig på dette.
– Å avfeie det med at dette er ein del av det psykososiale miljøet er hårreisande, seier Kjersti Toppe (Sp) til avisa.
Toppe og Senterpartiet vil ha helseministerer Bent Høie (H) på banen, og vil sende eit skriftleg spørsmål til statsråden.
– Vi vil at Helsedepartementet skal avklare om Helsetilsynet legg rett tolking til grunn når dei seier at dette fell utanfor deira mandat, seier Toppe.
Fleire poliktikarar etterlyser avklaring
Leiaren i helsekomiteen, Kari Kjønaas Kjos (Frp) seier til avisa at det er heilt ukjent at dette fell utanfor mandatet til Helsetilsynet.
– Dette går rett til kjernen av det eit tilsyn skal drive med. Det blir inga læring av feil dersom ikkje Helsetilsynet kan slå ned på slikt, seier ho.
Også SV-leiar Audun Lysbakken og Tove Karoline Knutsen (Ap) etterlyser ei avklaring frå helseministeren.