Hopp til innhold

Ber fylket stå samla - men sjølv er ikkje næringsforeiningar samde

Næringsforeiningane i Molde og Ålesund har sendt brev til fylkesordføraren der dei ber om at fylket må bli halde samla. Men Kristiansund og Nordmøre Næringsforum har ikkje signert brevet.

Kommunesammenslåing Møre og Romsdal

Britt Flo i Molde Næringsforum skulle gjerne sett at alle foreiningane kunne stå samla bak oppropet.

Britt Flo

– Må ha respekt for dei som ønskjer seg nordover, seier Britt Flo.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Sunnmøre og Romsdal har eit felles ønskje om at fylket skal stå samla. På Nordmøre er det ulike meiningar, og fleire ønskjer seg nordover. Det må vi berre ha respekt for, seier Flo.

Ho har registrert at fleire meiner det er ein trussel for fylket når fleire kommunar ønskjer seg nordover.

– Det er klart at viss ein går ut av dei relasjonane om samarbeid ein har og søker andre, så kan det vere med å føre til at fylket blir splitta.

Spørsmålet treng utgreiing

Monika Eeg

Kristiansund og Nordmøre Næringsforum må ta omsyn til dei som ønskjer seg til Trøndelag.

Foto: NRK

Monika Eeg i Kristiansund og Nordmøre Næringsforum viser og til at fleire kommunar har signalisert at dei vil gå til Trøndelag.

– Det må vi ta med i vurderinga, og difor blei det feil av Kristiansund og Nordmøre Næringsforum å signere dette brevet no, seier Eeg.

Ho meiner det må ei grundig utgreiing til før dei kan ta stilling til spørsmålet om eit samla fylke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL