Koronakrisa gjer barn utsette for mobbing og utestenging

Helsesjukepleiarane får no meldingar om barn som sit heime og er lei seg fordi dei blir stengt ute eller mobba digitalt.

Bygger hus i Minecraft

SKJERMTID i KORONATIDER: Både i spel og sosiale medium kan barn bli mobba og utestengde.

Foto: Freddy Samson Fagerheim / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Koronakrisa har sett ein stoppar for det meste av sosial aktivitet. For mange barn er dei digitale møteplassane den einaste staden dei kan møte venner.

Ei av dei som har blitt kontakta av fortvila foreldre som fortel om digital mobbing no når skular og fritidsaktivitetar er stengt, er helsesjukepleiar Evelyn Nakken Rekdal i Ålesund kommune.

Ho seier barn og unge strevar med å handtere sosiale medium.

– Det kan vere vanskeleg nok for vaksne å navigere der, så det er lett å forstå at det blir komplisert for barna. Eg trur at mange av helsesjukepleiarane kan skrive under på at barn og unge har fått ein meir komplisert kvardag, seier ho.

Tomt klasserom på Apalløkka skole i Oslo

Koronastengte skular gjer at klassene ikkje treffes anna enn digitalt.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Foreldra er viktige

I eit informasjonsskriv oppmodar ho foreldra om vere tettare på barn som sit heime med veldig mykje skjermtid.

«Vi vil gjerne fokusere på dette med utestenging og mobbing på nett, då vi veit at barn opplever dette. Det er ikkje greitt. Slik situasjonen er no, blir det gjerne meir tid til speling og bruk av sosiale media. Vi oppfordrar til at vi som er foreldre tar oss tid til å lytte på kva «sjargong» barna våre har på nett. Korleis snakkar dei til kvarandre? Kven er dei saman med? Er det nokon som blir stengt ute? »

Evelyn Nakken Rekdal

Evelyn Nakken Rekdal

Foto: Privat

Evelyn Nakken Rekdal seier ho forstår at det kan vere vanskeleg å vere så tett på som ein vil når mange foreldre har heimekontor i tillegg til å ta seg av barna, men ho oppmodar likevel om å ta den viktige samtalen om korleis ein inkluderer og tar vare på kvarandre.

– Foreldra har ei viktigare rolle enn dei trur. Det er godt for barna å få hjelp til å finne gode løysingar når noko er vanskeleg, seier ho.

– Dette er vårt ansvar som vaksne

Barnevakten er ein ideell stiftelse som gir fakta og råd om barn, unge og medier. Fagleg leiar Kjellaug Tonheim Tønnesen seier at det i veker med meir skjermbruk enn vanleg, der all kommunikasjon skjer digitalt, så er det lett for at det også vilbli fleire misforståingar, digitale overtramp og utestenging.

Kjellaug Tonheim Tønnesen

Kjellaug Tonheim Tønnesen

Foto: Barnevakten.no

– Dette må vi snakke med barna og ungdommane våre om, og minne dei om at norsk lov gjeld på nett og mobil, seier ho.

Ho ber vaksne ta spesielt ansvar for dei barna i klassen som kanskje strevar med ting, eller ikkje har så mange venner.

– Ikkje gløym dei som kanskje ikkje naturleg blir inviterte inn i chatten, som ikkje blir valt i duo eller squad i Fortnite, som ikkje blir invitert med på same Minecraft-server som gjengen i klassa. Dette er vårt ansvar som vaksne, snakk med barna og prøv å oppmuntre dei til å hugse alle i klassa.

– Inviter alle

Kjellaug Tonheim Tønnesen foreslår at foreldre og lærarar kan ta initiativ til aktivitetar som kan vere samlande for klassen:

  • Ein forelder med litt peiling kan ta initiativ til å invitere alle som vil i ei klasse til same server i Minecraft der ein saman kan bygge ei verd og leike, gjerne med eit par foreldre til stades.
  • Online spelturneringar med dei som vil frå klassen.
  • Læraren kan gi i lekse kvar dag at ein skal gi ei digital oppmuntring til nokon i klassen og finne ei fordeling slik at alle får merksemd. Det kan vere å sende noko fint eller gjere noko kjekt saman i spel eller å snakke via skjerm

Fleire tips frå Barnevakten finn de her.

– La desse vekene med unntakstilstand bli veker der barna og vaksne blir utfordra til å inkludere og også ta meir vare på kvarandre digitalt, ber ho om.

Status Norge

Sist oppdatert: 25.05.2020
8352
Smittet
40
Innlagt
235
Døde