NRK Meny
Normal

– Nyt naturen, men ver på vakt

Politiet ber folk om å tenke seg om før dei oppsøker bratte fjellsider i helga. Torsdag formiddag vart ein mann i 20-åra tatt av skred i Sykkylven.

Mannen i 20-årene som ble tatt av et snøskred i Tudalen i Sykkylven i ett-tida i dag, ble ført flere hundre meter nedover fjellsida av raset. Han ble funnet en meter nede i snømassene, takket være at to turkamerater hadde riktig utstyr med seg.

RETT UTSTYR: Rett utstyr og ein god prosjon flaks gjorde at mannen overlevde snøskredet.

Mannen vart tatt av eit skred i Tudalen i Sykkylven. Han vart ført fleire hundre meter nedover fjellsida av raset.

Turkameratane redda livet hans. Han vart funnen ein meter under snøen, takka vere at to dei to kompisane hans hadde med seg rett utstyr. Mannen kom frå det med lettare skadar.

Like ved skitrekket

Ein enorm brotkant viser kva krefter som var i sving då tre kompisar på tur opplevde marerittet. Ein av dei vart frakta med ned heile fjellsida.

Men heldigvis var redninga nær. Sjansen for å overleve under snøen går drastisk ned etter berre 15 minutt.

Kameratane fekk varsla politiet, og starta sjølve søkearbeidet før helikopter og hjelpemannskap kom til.

Mannen i 20-årene som ble tatt av et snøskred i Tudalen i Sykkylven i ett-tida i dag, ble ført flere hundre meter nedover fjellsida av raset. Han ble funnet en meter nede i snømassene, takket være at to turkamerater hadde riktig utstyr med seg.

Sjå intervju med Terje Ødegård her.

– Takka vere at dei hadde med seg søkeutstyr, spadar og søkestenger vart han redda, opplyser operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt til NRK.

Han ber no folk om å tenke seg om før dei oppsøker bratte fjellsider.

Det er fint å nyte naturen, men ein må absolutt vere på vakt no. No er det nesten så stor rasfare som det kan bli.

Kjent område

Jon Ervik, operativ leder, Sykkylven Røde Kors

OPERATIV: Jon Ervik, operativ leiar i Sykkylven Røde Kors.

Foto: Arild Pettersen / NRK
Kristin Rønnestad, korpsleiar, Sykkylven Røde Kors

LEIAR: Kristin Rønnestad er korpsleiar i Sykkylven Røde Kors.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Røde Kors medarbeidarane i Sykkylven var overraska då meldinga om raset kom, sjølv om det har kome mykje nysnø siste dagane.

– Det kom litt uventa at det skulle skje midt på ein torsdag, men det er heller ikkje uventa når vi kikar på formasjonane vi har i fjellet, seier Jon Ervik, som er operativ leiar i Røde Kors Sykkylven.

Korpsleiaren i Sykkylven Røde Kors, Kristin Rønnestad, seier Tudalen er eit kjent frikøyringsområde.

Det er ikkje uventa at raset gjekk der. Folk bør vite kva dei gjer når dei skal køyre der, seier ho.