Hopp til innhold

Ber folk støtte ein fotballspelar med ein femmar

Er du frå Kristiansund og interessert i fotball? Då vil Kristiansund Ballklubb ha tak i deg. Klubben ber no tilhengarane spytte i litt kvar dag for å kunne kjøpe nye spelarar til neste sesong.

KBK

KBK ønskjer seg fleire toppspelarar til neste sesong. No ber dei supporterane om hjelp.

Foto: Roar Halten / NRK

«Folkets spelar» er namnet på prosjektet klubben no har sett i gang. På nettsidene sine oppmodar dei alle som er glade i klubben til å betale fem, ti eller tjue kroner dag til KBK gjennom heile 2015.

Kjetil Thorsen

Kjetil Thorsen, dagleg leiar i Kristiansund Ballklubb håper mange vil bidra.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Dette er pengar vi tenkjer å øyremerke til å signere nye spelarar eller til å behalde dei vi har, seier dagleg leiar i KBK, Kjetil Thorsen.

Thorsen seier dei kjenner til fleire klubbar har gjort liknande før, og at det er bakgrunnen for at dei hadde lyst til å prøve. Han meiner det er ekstra stas om dei kan få folk flest til å vere med på ein dugnad for å styrke klubben.

– Vi har ikkje sett oss noko konkret mål, men vi har godt håp om å samle inn mellom to- og trehundretusen kroner på nokre veker.

Treng pengar

Ifølgje Thorsen er det er ein krevjande økonomisk situasjon som gjer at klubben no ber om slike gåver. Oppmodinga blei lagt ut på klubben sine nettsider tysdag, men alt no har fleire meldt seg.

– Til no har dei fleste teikna seg for ein femkronar, som svarar til 1825 kroner for eit år, seier Thorsen.

–Og kva får dei igjen for dette beløpet?

– Vi håper dei skal sjå igjen pengane i form av målscoringar på stadion neste år. Det er ingen annan gevinst enn at du hjelper laget ditt til å gjere det betre og skape meir glede i 2015.

Thorsen viser til at det er krevjande å drive klubbfotball på toppnivå. Mellom anna må klubben tilpasse seg nye krav til utforminga av stadion.

– Vi har ingen tradisjon i Kristiansund for å drive med toppfotball, og alt kostar pengar. Då er det klart dette vil hjelpe på, seier Thorsen.