NRK Meny
Normal

Rår folk til å passe på: – Vasskadar større problem enn innbrot

Innbrot i husa våre er ikkje lenger det største problemet når mange dreg på påsketur, seier forsikringsmann Kjell Godø Dyb.

Vann gjennom hyttegulv

Bilde som dette er noko både enkeltmenneske og forsikringsbransjen ikkje vil sjå i påska. Her har ei vasslekkasje gått gjennom eit hyttegolv.

Foto: Gjensidige Forsikring

Påskeutflukta er i gong og for mange, gammal som ung, er det mange ting som må sjekkast før ein reiser frå hus eller hytte.

Kjell Godø Dyb i forsikringsselskapet Møretrygd

Marknadsdirektør Kjell Godø Dyb i Møretrygd Forskring har fleire klare råd til folk i påska.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Kvart år får forsikringsselskapa fleire saker på bordet etter påskeferien. Kjell Godø Dyb, marknadsdirektør i Møretrygd Forsikring, rår folk til å tenkje ekstra over fleire ting.

– Påskeferien varer gjerne litt lenger enn ein trur, og då er det viktig at ein ikkje går frå ladarar, at stikkontakten til kaffitraktaren er ute og at kran til oppvaskmaskin og anna står rett, seier Godø Dyb til NRK.

– Slike små detaljar er lett å gløyme når ein berre skal bort i nokre dagar eller veker, men det er viktig å få med seg, held han fram.

Tek forholdsreglar mot innbrot

Forsikringsmannen seier at folk har blitt langt flinkare enn tidlegare til å ta forholdsreglar mot innbrotsraid i påska. Andre skadar må folk i Noreg derimot bli flinkare til å gardere seg mot.

– Det er mangt å passe på, men spesielt dette med vasskadar har blitt eit langt større problem for forsikringsbransjen enn innbrot, seier Godø Dyb.

Så godtfolk: hugs på både store og små ting før du reiser ifrå både hus og hytte.