Hopp til innhold

Ber folk pakke inn risikoavfall

Folk som er sjuke av svineinfluensa kan ikkje kaste kva som helst i bosset. No bur renovasjonsselskapa seg på ein epedemi.

Vaksinering
Foto: Vestad, Roar / Scanpix

Renovasjonsselskapet RIR i Molde skjerpar beredskapen i samband med svineinfluensa. Selskapet ber no folk som eventuelt blir smitta om å vere omhyggelege dersom dei må kaste risikoavfall:

Olav Bye, dagleg leiar i RIR
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

- Vanlegvis vil ikkje privatfolk ha så mykje slikt avfall, men dersom det skjer, bør dei pakke det svært godt inn, seier dagleg leiar Olav Bye.

Kjøpt inn spesialbøtter

På sjukehus og legekontor kan det bli meir slikt avfall, og RIR har no kjøpt inn 1500 plastbøtter til risikoavfall frå det offentlege. Kvar av bøttene kan romme 40 liter, og skal takast i bruk dersom svineinfluensaen bryt ut:

- Vi har dobla lageret av desse plastbøttene, seier Bye.

Plastbøtter til risikoavfall
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Alt til Ålesund

Spesialavfallet frå Møre og Romsdal endar i Ålesund. Selskapet Tafjord Kraftvarme tek imot risikoavfall mellom anna frå alle sjukehusa i området, og frå privatfolk:

- Vi har som regel at alt spesialavfall må leverast i hermetisk lukka plastboksar. Dei går på band rett inn i ovnen. På den måten hindrar vi smittefare til dei i og rundt forbrenningsanlegget, seier Knut Arve Tafjord, som har ansvar for behandling av spesialavfallet. Titdlegare i dag fekk Tafjord Kraftvarme spørsmål om å ta imot risikoavfall frå 4H-leiren, der ei rekkje deltakarar framleis ligg i isolat, etter å ha fått svineinfluensa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL