Hopp til innhold

Ber folk om å vere innadørs 1. juledag

Politiet fryktar at folk skal bli skadde om dei går ut 1. juledag. I Sykkylven har ein garasje blåst ned og hamna i nabohuset.

Rotvelt ved Korsneset i Hareid

Eit stort tre har blitt rykt opp med rota i den sterke vinden. Ved Korsneset i Hareid.

Foto: Svein Smørdal

Kastevindar har herja Sunnmøre og deler av Romsdal 1. juledag. I Innfjorden i Rauma ligg tre og skog nede, garasjeportar og tak er skadde.

- Ei campingvogn ligg heilt flat, to arbeidsbrakker er knuste. Folk har jobba i heile formiddag for å rydde opp, seier Ottar Rydjord i Rauma. Politiet har så langt ikkje fått inn skademeldingar frå området.

Kalla ut ekstramannskap

Fleire innbyggjarar i Ørsta og Sykkylven på Sunnmøre har vore straumlause deler av dagen på grunn av den sterke vinden.

- Vi har hatt ti mann ute for å rydde vekk tre og reparere ulike feil, seier vaktoperatør Leif Inge Skare i Tussa.

Klokka 15.30 skal dei fleste ha fått igjen straumen. Mannskap er på veg til Tusvika for å rydde vekk endå eit tre som har forårsaka at lågspentlinjene ligg ned i vegen. Førebels er det laga omkøyring på staden.

Ferja innstilt

Men lenger sør i fylket, på Sunnmøre, har det også blåse kraftig 1. juledags formiddag. Kastevindane har gjort at ferjesambandet mellom Ørsneset og Magerholm har vore innstilt nokre timar. No er turane tatt opp igjen, men folk må rekne med forseinkingar, melder Fjord1.

- Vi kan ikkje ta sjans på å gå i hamn på Ørsneset slik vinden er no, sa kaptein Arnfinn Giske ombord i ferja Norangsfjord onsdag formiddag. Fjord 1 ville då forsøkje å ta i bruk eit ferjeleie som ligg litt meir i le, like ved.

  • SKJER DET NOKO DER DU BUR? SEND OSS BILETE: mr@nrk.no

Blåst i Ålesund 1. juledag

Det bles kraftig i Ålesund 1. juledag. Politiet ber folk halde seg inne og feire jul.

Foto: Synnøve Hole
- Meir vind i morgon

Men ingenting tyder på at vinden skal løye utover dagen. Og 2. juledag kan ifølgje Vervarslinga på Vestlandet bli endå verre.

- Det bles i grunn mykje meir andre stader i landet i dag. Men i morgon dreiar vinden meir på sør og sørvest, og då blir det frisk på kysten, seier vakthavande meteorolog Ivar Hjellestad.

Bles ned garasje

I Sykkylven, nokre mil sør for Ålesund, har vindkasta blåst ned ein garasje. Det har hamna inni huset til naboen. Lars Even Nysæter seier han og resten av familien vakna av eit brak.

- Vi høyrde eit brak, då eg gjekk ut i gangen såg eg at vinduet var tildekt av blekkplater, seier Nysæter. Han bur i huset saman med kona og den 18 år gamle sonen. Han seier det er gjort store skadar på taket på det nye huset, i tillegg til på bilen deira, som sto parkert utanfor.

Tak blåst ned i Sykkylven

Ein garasje i Nakkegata i Sykkylven har blåse ned og treft huset til naboen.

Foto: Edvard Hole
Verre enn Dagmar

Det var dei sterke vindkasta som lyfta garasjen av muren og kasta han inn i nabohuset.

- Vinden tok heile garasjen, det er berre betongen som står igjen, seier Petter Løvold, son til han som miste garasjen sin i vinden. Han som fekk garasjen utover huset sitt, har aldri opplevd maken.

- Vi flytta inn i 2007 og har opplevd både Dagmar og anna, men dette må ha vore sterkare, seier Nysæter.

Hektisk dag for brannvesenet

Brannvesenet i Ålesund får no ei rekkje meldingar frå folk som ber om hjelp i den sterke vinden.

- Vi køyrer på kryss og tvers gjennom Ålesund no for å sikre lause gjenstandar som flyg gjennom lufta, seier brannmeister Lasse Bjerknes.

Like før klokka 11 opplyser politiet at ein fiskebåt skal ha slite seg ved Ellingsøy i Ålesund.

Gjenstandar gjennom lufta

Sterke kastevindar gjer at politiet 1. juledag ber folk om å halde seg innandørs. Dei får no mange meldingar om gjenstandar som flyg gjennom lufta i den sterke vinden.

– Slike kastevindar vi har no kan ta med seg store gjenstandar gjennom lufta. Bølgeblekk går lynraskt gjennom lufta, og er ikkje å spøke med. Blir ein treft er det livsfarleg, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt.

Uveret som herjar store deler av landet har ført til ei rekkje vegstegingar. Les meir:

Ber folk vere inne

Ole Bjørn Harang

Operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Han ber folk om å ta det roleg 1. juledag, og vurdere om det er nødvendig å gå ut.

– Det går ikkje an å planlegge korleis ein skal verge seg mot kastevindar. Det beste er nok å vere inne og sysle med dei positive tinga inne no i jula, seier han.

1. juledags morgon fekk politiet melding om ein stor container som skal ha blåse ut i vegen ved Eidsneset i Sula. Det skal vere mogleg for bilar å kome forbi, men politiet er på veg til staden, og har også varsla brannvesenet.

Takplater flyg i lufta

Politiet har fått inn fleire meldingar om takplater som flyg i området rundt Spjelkavik barneskole i Ålesund. Også frå hus i sentrum skal det vere meldt om lause takplater og takpiper som vaiar faretruande.

– Vi veit ikkje om det kjem frå nybygget på skulen, vi prioriterer no å undersøkje den saka, seier Harang.

Vinden veltar utemøblar

Det er stor kraft i kastevindane. Utemøblar har lite å stille opp med 1. juledag.

Foto: Synnøve Hole

Kan bli ferjeinnstillingar

Det er førebels ikkje meldt om innstilte ferjer og hurtigbåtar 1. juledag. Frå før er avgangane sterkt avgrensa på grunn av julehøgtida.

- Erfaringsmessig veit vi at det fort blir ferjeinnstillingar slik som veret er no, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i politiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL