Hopp til innhold

Ber folk om å sikre lause gjenstandar

Julehelga blir prega av storm og uvêr i store delar av landet. – Pakk ned trampolinen og sikr båten, er oppfordringa frå forsikringsselskapet If.

Trampoline i vinden

Denne jula bør du sikre lause gjenstandar og eigendelane dine.

Foto: Hareid brannvesen

Vêret viser musklar denne jula. Både på julaftan og andre juledag er det meldt kraftig vind og uvêr.

Flygande gjenstandar kan skape stor skade, og forsikringsselskapet If ber difor folk om å vere føre var og sikre eigendelane sine.

– Når det bles så kraftig som gjer allereie no, og det er meldt meir vind i dei næraste dagane, kan gjenstandar som flyg gjennom lufta gjere stor skade på både personar og eigedom, seier kommunikasjonsrådgivar Sigmund Clementz i pressemelding.

– Vi har eksempel på at ei flygande trampoline har øydelagt tre parkerte bilar i ein storm, held han fram.

– Ver førebudd

Også på mange av fjellovergangane er det store problem. Gårsdagen var prega av kolonnekøyring og mykje venting, og det blir truleg ikkje noko betre lisjejulaftan.

Clementz vektlegg at det er viktig at bilen er skodd for føret.

– Følg godt med på vêrvarsla og veg- og føremeldingane frå Statens vegvesen. Ver førebudd på dårleg vêr på eller nær fjellovergangane. Folk i låglandet bør sjølvsagt også vere spesielt merksame på vêret på denne tida av året, seier han.

Laster Giphy-innhold

Vêrvarselet for Møre og Romsdal fredag 23. desember er som følgjer:

  • Sørvest sterk kuling på kysten, minkande til liten kuling. Regnbyer og haglbyer, snøbyer i høgare strøk. Det er også utrygt for tore. I ettermiddag blir det ei dreiing til sør og søraust liten kuling utsette stader, og stiv kuling på Søre Sunnmøre. I kveld er det meldt sørvest liten storm på kysten i sør. Litt regn og snø i fjellet.

Laurdag 24. fredag er det meldt:

  • Sørvest liten til full storm på kysten og i fjellet, på kysten sør for Bergen sterk kuling. Regnbyer og nedbør som snø over 300–700 meter, lågast mot kvelden og i indre strøk. Utrygt for tore.