Hopp til innhold

Ber folk boikotte fotballkampen mot Israel på Høddvoll

Palestina-sympatisørar på Sunnmøre ber folk om å boikotte landskampen mellom Noreg og Israel på Høddvoll måndag. Dei meiner kampen aldri burde vore spelt.

Kjell Stephansen

Kjell Stephansen ville helst hatt tomme tribunar på Høddvoll måndag når det norske og israelske kvinnelandslaget møtes.

Foto: Synnøve Hole

Det er det norske kvinnelandslaget som måndag møter Israel på Høddvoll i Ulsteinvik. Men Palestinakomiteen på Sunnmøre meiner kampen aldri burde vore spelt, og ber folk droppe å gå på kampen.

– Det er mitt prinsipielle syn, ja. Akkurat sånn som vi tidlegare boikotta Sør-Afrika og sørafrikansk idrett, syns eg vi bør boikotte Israel, seier leiaren i Palestinakomiteen på Sunnmøre, Kjell Stephansen.

Men burde ikkje ein klare å halde politikken unna fotballbana?

Nei, kvifor det? Kvifor skal ikkje idrettsfolk bry seg om politikk, kontrar Stephansen.

Han viser til at fansen stilte med over 100 palestinske flagg under play-off-kampen for Champions League i Glasgow 17. august, mellom Celtic og eit israelsk lag. Stephansen meiner det også burde vore meir diskusjon rundt kampen i Ulstein måndag.

Les også:

Politiet fryktar ikkje bråk

Frode Halse Digernes

Innsatsleiar Frode Halse Digernes i politiet trur ikkje at det blir bråk på Høddvoll når det israelske kvinnelandslaget kjem på banen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Søndag ettermiddag hadde politiet og fotballforbundet møte med alle frivillige som skal i sving på Høddvoll i samband med landskampen. Men innsatsleiar Frode Halse Digernes trur ikkje at den spente situasjonen mellom Israel og Palestina skal føre til uro når dei israelske spelarane skal i aksjon.

– Nei, vi reknar ikkje med det, seier han, og legg til at ingen har søkt om løyve til å demonstrere i samband med kampen.

Han seier dei møter mannsterke fordi det er eit stort idrettsarrangement, ikkje fordi det israelske kvinnelandslaget skal i elden.

Vil dele ut løpesetlar

Politiet på Høddvoll

Politiet stiller med stort mannskap på Høddvoll måndag ettermiddag, men seier det ikkje har noko med det israelske landslaget å gjere.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes

Palestinakomiteen ser ingen grunn til å halde seg unna. Dei har planlagt å dele ut løpesetlar før kampen på Høddvoll, og seier det er ein demokratisk rett.

– Vi kjem til å dele ut løpesetlar til dei som vil ha, dei som ikkje vil ha, skal få gå stille forbi, seier han.