NRK Meny
Normal

Ber fjellgåarar passe seg for skred

Mange stader i fjellet er det full vinter og skredfare. Romsdal fjellredningsgruppa ber folk om å vere varsame.

Store Vengetind

Store Vengetind er det høgste fjellet i Romsdal på 1852 meter. Der er det framleis vinter.

Foto: Ole Johan Sæter

Sjølv om det er juni, ligg det enormt mykje snø i fjellet som ikkje har smelta.

I helga måtte Romsdal fjellredningsgruppe berge to turistar som hadde gått seg fast i fjellet på Romsdalseggen.

Ole Johan Sæther

Ole Johan Sæther er medlem av Romsdal fjellredningsgruppe.

Foto: privat

– Det er så mykje snø i fjellet at både vardar og skilt er nedsnødd. Det går heller ikkje an å sjå stiane, seier Ole Johan Sæter i Romsdal fjellredningsgruppe.

Dei to kom seg velberga ned att sjølv om tåke gjorde leitearbeidet vanskeleg.

Fare for snøskred

Sæter meiner at folk som skal på toppturar må halde seg unna bratt terreng på grunn av skredfare. Enkelte av dei høgste fjella bør ein halde seg heilt unna. Spesielt farleg er det for folk som ikkje er vande med å vurdere skredfare. På vinterstid har NVE eit snøskredvarsel, men dei har no avslutta varslingssesongen. Folk må difor ta vurderingane sjølv.

– Å gå på topptur utan skredkunnskap er vanskeleg. Der er ein del skavlar på dei høgste toppane som kjem til å rase ut. Folk bør dessutan halde seg unna hellingar over 30 grader, seier Sæther.

Ski og truger

Folk frå Den norske turistforeininga har aldri sett så mykje snø i fjellet i juni som i år. Ekspertar oppmoda tidlegare denne veka om at dei som skal gå til fots i Joutunheimen må ta med ski eller truger. Det gjeld også for toppar over 1000 meter i indre del av Møre og Romsdal, ifylgje Sæther.

– Det er vanskeleg å gå til fots med så mykje snø. Snøen er dessutan roten og det er lett å gjå gjennom og skade seg, seier Sæther.

Han oppmodar folk om å ta med kart, kompass og ekstra varme klede i sekken.

– Vêrstasjonen på Mannen gir ein god indikasjon på forholdet i fjella. Målinga viser at der er nesten to meter med snø framleis og gjennomsnittstemperaturen den siste månaden er 0 grader, seier Sæter.