Hopp til innhold

Ber eldre menn skaffe seg vener

Risikoen for sjølvmord er større hos menn over 85 enn hos nokon andre i befolkninga. Men det finst effektiv medisin.

I dag begynner vi med et tabubelagt tema, eldre som velger å ta sitt eget liv. Statistikk viser nemlig at hos menn over 85 år, er risikoen for sjølmord større enn i andre grupper. Sosial kontakt er den beste medisinen.

Den pensjonerte geriateren, Odd Roe Skogen, seier mange menn taklar dårleg å bli åleine. Då hjelper det med vener.

Menn over 85 år har fem gonger høgare risiko for å ta livet sitt enn kvinner på same alder. Det viser statistikk frå Folkehelseinstituttet frå perioden 2007 til 2011. Kvart år tek 550 kvinner og menn livet sitt i Noreg.

Oppmoding om venskap

Den pensjonerte geriateren, Odd Roe Skogen, oppmodar eldre menn om å skaffe seg vener, i tide. For kvinner lever i snitt lenger enn mennene.

– Når ein blir over 85 år begynner mennene å forsvinne. Då blir det vanskelegare. Difor er det viktig at ein tidleg i pensjonsalderen etablerer kontakt med menn. Og då gjerne likesinna menn som har tema å ta opp som ein sjølv også likar å snakke om, seier Skogen.

Saka held fram under bildet.

Hender

Mange eldre blir åleine. Det er ei stor utfordring for mange.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Trur mennene taklar det dårlegare

Skogen trur menn gjerne taklar dårlegare å bli åleine enn kvinner gjer. For nettopp det å bli åleine, er ein stor risikofaktor for mange.

– Mange av kvinnene har gått åleine i årevis, kanskje ikkje vore i arbeid, medan mennene har vore i ein arbeidssituasjon og fått sin personlege identitet ved det, oppsummerer han.

Andreas Gjerde

Andreas Gjerde miste kona si i fjor, og seier det går bra. Det må bra.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Må klare seg åleine

Ein av dei som aldersmessig snart er i den største risikogruppa for sjølvmord, er Andreas Gjerde. Ein måndags formiddag er han på kafe i Ålesund. Han er 84 år gamal, og miste kona si i fjor. No må han klare seg åleine.

– Det går veldig bra, det, seier han. Og legg til:

– Det lyt gå bra, det.

Odd Andersen

Odd Andersen seier sjukeheimen blei redninga for faren. Då slapp han å vere redd.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Søkjer sjeldnare hjelp

Eldre menn søkjer sjeldnare hjelp, skriv Bergens Tidende. Forsking viser også at eldre menn som har tatt livet sitt, var redde for å miste retten til å gjere eigne val og bli avhengige av helsevesenet. For far til Odd Andersen blei sjukeheimen redninga.

– Han sa til meg at han aldri hadde hatt så godt dei siste ti åra. "No får eg all den hjelpa eg treng, eg treng ikkje vere redd for noko som helst", seier Odd Andersen. Han trur den typen redsel som far hans kjende på, kan utløyse sjølvmord hos menn.