Hopp til innhold

Ber eigaren syte for beredskap

Kystverket bed eigaren av Karm Viking om å setje i verk beredskapstiltak. No blir vakthaldet kring fartyet skjerpa.

Karm Viking blir slept på fjorden

Karm Viking ligg no for anker i Vanylvsfjorden.

Foto: Redningskøyta Emmy Dyvi

Det er framleis fare for eksplosjonar om bord i det tidlegare fiskefartyet Karm Viking. Det tok til å brenne i fartyet i natt, då det låg ved kai på Otneimneset på nordsida av Stadlandet. No er fartyet under slep på Vanylvsfjorden.

No bed Kystverket halde seg langt vekke frå fartyet.

Rune Bergstrøm

Rune Bergstrøm i Kystverket.

Foto: NRK

Det brenn framleis om bord. Og det ligg flasker med oksygen og sveisegass i fartyet. Sjølv om det ryk lite frå Karm Viking er fartyet varmt, seier Rune Bergstrøm i beredskapsavdelinga i Kystverket.

Kystverket har målt temperaturen med spesialkamera. Dette viser temperaturar opp i 170 grader på utsida av båten. Ifølgje Kystverket tyder dette på at temperaturane er langt høgare på innsida.

Der er ein varmeproduksjon, ein form for brann i båten. Det er ikkje tilrådeleg å sende brannfolk om bord, seier Bergstrøm.

Torsdag kveld byrja båten å brenne då to gassflasker eksploderte om bord. Politiet fekk melding om brannen i den 38 meter lange tidlegare fiskebåten Karm Viking klokka 21.47 torsdag kveld.

Både brannvesen, ambulansar og politi rykka ut til kaien i industriområdet på Otneimneset på Stadlandet. «Karm Viking» er ein gammal fiskebåt som no gjer teneste som vaktbåt. Det er 40.000 liter drivstoff om bord i båten.

Det er knytt eksplosjonsfare til desse gassflaskene. Difor bed vi folk halde seg vekke frå havaristen. Dei er farlege, seier Bergstrøm.

Kystverket er no i ferd med å kontakte eigaren av skipet. I følgje selskapet Shipspotting har Karm Viking Måløy som heimehamn, er bygd i 1979 ved Søviknes verft i Haram. Eigar er Troa fiskeriselskap i Selje.

Vi kontaktar no eigaren for å få han til å opprette vakthald ved havaristen. Eigaren må passe på at det ikkje er folk i nærleiken. Det må også vere vakthald i forhold til om det skulle oppstå diesellekkasje, seier Bergstrøm.

Kystverket ser ikkje føre seg at dette havariet har potensiale i seg til å kunne utvikle seg til noka særleg stor miljøkatastrofe. Laksemærdane i nærleiken inneheld heller ikkje fisk akkurat no, ifølgje Kystverket.