Hopp til innhold

Mattilsynet: Kyrne må få nok mosjon

Mattilsynet ber bønder med kyr om å passe på slik at dyra får nok mosjon og beite. Dei fryktar at nye reglar gjer at kyr ikkje får mosjonen dei har krav på.

Mattilsynet ber bønder med kyr om å passe på slik at dyra får nok mosjon og beite. Dei frykter at nye reglar gjer at kyr ikkje får mosjonen dei har krav på.

Kyr, som desse på Frei i Kristiansund, må få nok mosjon og beite.

– Nytt av i år er at krava også gjeld dyr i lausdrift. Dei går laust heile året, men i år skal dei også ut på beite i åtte veker. Då veit vi at enkelte lausdrifter har utfordringar med bygningsmessige ting og areal rundt fjøsa.

Det seier Astrid Vea Mork, seniorinspektør i Mattilsynet.

Alle bønder som har storfe skal følgje dei gjevne retningslinjene, opplyser ho.

– Alle storfe skal på beite i åtte veker kvar sommar. Det er fordi dyra har godt av det, trivst og får bevege seg fritt – på beite, fortel Vea Mork.

Dermed skal kyrne no få mosjonere fritt om sommaren – ikkje bli stilleståande.

Mattilsynet ber bønder med kyr om å passe på slik at dyra får nok mosjon og beite. Dei frykter at nye reglar gjer at kyr ikkje får mosjonen dei har krav på.

Astrid Vea Mork er seniorinspektør i Mattilsynet.