Hopp til innhold

Ber alle menn gi DNA-prøve

Alle menn i området i Sula der ei kvinne blei forsøkt valdteken natt til søndag blir spurte om å gi ein frivillig DNA-prøve.

Nabolag
Foto: Terje Reite / NRK

– Alle menn blir spurde om å avlegge ein frivillig DNA-prøve, seier politiinspektør i Sunnmøre politidistrikt, Elin Anja Drønnen til Sunnmørsposten.

Går breitt ut

Innbyggjarane i Sula er rysta over at ei kvinne blei forsøkt valdteken i omsorgsbustaden sin natt til søndag. Valdtektsforsøket har truleg skjedd i halv femtida søndag morgon.

Valdtektsforsøket skjedde berre to månader etter at ei eldre kvinne vart valdteken heime hos seg sjølv i Sula.

Måndag kveld går politiet dør-til-dør i området for å kartleggje alle bevegelsar frå folk og køyretøy som var i området då kvinna blei forsøkt valdteken. Politiet ber no spesielt om videoopptak frå privatpersonar.

Elin Drønnen

Elin Anja Drønnen er politiinspektør i Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Berge Myrene / NRK

– Rutine

Politiet seier til NRK at det er rutine å samle inn DNA-prøver når gjerningsmannen er ukjend.

– Målet med DNA-test er mellom anna å utelukke flest mogleg personar frå saka, seier politiinspektør Elin Anja Drønnen.

Naboar er rysta over valdtektsforsøket og er urolege etter det som har hendt. Politiet ber no folk i området om å låse dører og lukke vindauge når dei legg seg for natta.