Har ikkje tillit til Sjåstad
For to veker sidan blei det klart at underskotet frå fjoråret kan kome opp i 65 millionar kroner.
Nesvik vil før bystyremøtet torsdag kveld be resten av partigruppa gå med på eit forslag om å be rådmann Knut Sjåstad vurdere stillinga si.
Nesvik seier at han har mista tilliten til Sjåstad.
Uakseptabelt
Nesvik fryktar at det vil gå ut over andre omstillingstiltak dersom det ikkje blir rydda opp i denne flause. Det er uakseptabelt plutselig å få eit så stort underskot så seint, etter å ha utsett budsjettbehandlinga til over nyttår, seier Nesvik.
Rådmann Knut Sjåstad må kome opp med ein betre forklaring på det store underskotet, seier Nesvik. Rådmannen må dokumentere at han har kontrollen, og at han er istand til å rydde opp i økonomien, mener FrP-politikaren.