Benjaminprisen blir utdelt for første gang i dag - og har fått namnet etter Benjamin Hermannsen som blei drept på Holmlia i Oslo 26. jaunar 2001. Drapet var både rasistisk og nazistisk motivert.
Elevane i den vidaregåande skulen i Sunndal arbeidde i fjor med problemstillingar knytt til forholda mellom innvandrar og asylsøkjarar og dei som bur i Sunndal. Eit omfattande arbeid som resulterte i mellom anna ei internasjonal veke der formålet var å lære av kvarandre - og for å få forståing.
Benjaminprisen er 50.000 kroner og ein miniatyr av statuen av Benjamin Hermansen, som står på Holmlia i Oslo.