Hopp til innhold

Bekymra for nedlegging av heimevernet i Rauma

Varaordførar, Sidsel Rykhus stiller spørsmål ved at heimevernet forsvinn. – Kva om raset ved Mannen går og sivilforsvaret må ha hjelp?

Video - Ein trist dag i Rauma

Forsvarsministeren vil spare pengar ved å kutte HV-11. Heimevernet på Rauma er viktig i eit område med fare for naturkatastrofer, meiner Moldeordførar.

Foto: Nyhetsspiller

I fjor vart det kjent at Forsvarssjefen vil spare pengar, og i nedskjeringsplanane ligg blant anna HV-11.

Varaordfører i Molde Sidsel Rykhus i Ap

Moldeordførar, Sidsel Rykhus seier heimevernet er ein viktig funksjon ein bør bevare i Rauma.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Med rødt farevarsel ved Mannen er varaordførar i Molde, Sidsel Rykhus, bekymra for at ein nedlegging av heimevernet i Rauma vil skape dårligare utrykkningsmogligheiter dersom det skjer ei naturkatastrofe i Møre og Romsdal.

– Kva om raset ved Mannen no hadde gått og sivilforsvaret måtte ha hjelp? Det er nærleiken som betyr noko og vi er veldig utsatt for naturkatastrofar i Møre og Romsdal, seier varaordførar i Molde, Sidsel Rykhus.

Fjellet i Tafjord og Mannen i Romsdalen er utsatte områder som ofte er eit tema. No er det sivilforsvaret som tek seg av overvåking og redningsarbeid i desse områda, men heimevernet er med i beredskapsgrupper og møter på alle infomøter.

– Dei kjenner til områda og er klare til å trå til når noko skjer, seier Rykhus.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL