Hopp til innhold

Senterungdommen bekymra for landbruket

– Sylvi Listhaug skremmer unge frå å satse på landbruket, seier leiar i Senterungdommen, Erling Laugsand.

Erling Laugsand

Erling Laugsand (25) frå Averøy kjempar for å få meir makt ut i distrikta.

Foto: Photographer: Ole Graneng

Då nordmøringen Erling Laugsand (25) tok over som leiar for Senterungdommen etter at den omstridde Sandra Borch trekte seg hausten 2013, sa han at han ville jobbe for å flytte makta frå Oslo og ut i distrikta. Men å stå opp som eit motalternativ mot regjeringa, har vore krevjande.

– Den politikken mat- og landsbruksminister Sylvi Listhaug og resten av regjeringa fører er direkte skadeleg for matproduksjonen i distrikta, meiner han.

Jobbar mot sentralisering

Erling Laugsand frå Averøy fekk ingen enkel start då han overtok som leiar . Partileiinga stod overfor ei endring, men Senterungdommen var splitta i synet på om den dåverande nestleiaren i Senterpartiet, Ola Borten Moe, skulle få fornya tillit eller ei. Dei gjekk til slutt inn for å vrake han .

– Dette var ei tøff runde for mange i partiet og det tok mykje av fokuset vekk frå politikken vår.

Les også:

Etter to år med fallande medlemstal auka talet på medlemmar av Senterungdommen med nesten 250 i fjor. Med 1644 medlemmar totalt prøver ungdommane kjempe for distrikta mot ei regjering som jobbar sterkt for sentralisering.

– Veldig mange av dei reformane regjeringa foreslår vil bli med på å sentralisere makt, for eksempel gjennom færre og større kommunar, sjukehus og høgskular.

– Listhaug skremmer unge som vil bli bønder

I helga har Senterungdommen sitt årsstyremøte, der dei blant anna legg sin strategi for året som kjem. Dei meiner sjølve dei er det klaraste alternativet til regjeringa, med Høgre og Frp i spissen, sin politikk.

– Listhaug sin landbrukspolitikk gjer at færre unge i distriktet vil velje ei framtid i landbruket. Det vil vi endre og fokuserer på å gjere eit godt kommuneval i desember.

Landsstyremøtet denne helga har bydd på tøffe diskusjonar. I tillegg til å snakke om korleis dei skal kjempe imot dagens landbrukspolitikk, har dei vedteke at dagens «generasjon prestasjon» skal få tilgang på skulepsykologar. I tillegg vil dei ikkje ha søndagsopne butikkar og dei vil stramme inn på opningstidene på kvardagane.

Les også: