Beklagar utsetjing

Rettssaka mot den tidlegare Molde-spelaren blei utsett mot spelaren sin vilje, opplyser advokaten til spelaren i ei pressemelding. Saka skulle ha starta torsdag, men er utsett fordi eit sentralt vitne ikkje vil møte. Den tiltalte fotballspelaren beklagar sterkt at saka er utsett og at han må gjere vendereis etter å ha planlagt å kome til Noreg tidleg onsdag formiddag. Han meiner at saka burde ha vore behandla utan det aktuelle vitnet. Saka er no utsett på ubestemt tid. Spelaren er tiltalt for sovevaldtekt.