Hopp til innhold

Får dekt bilvask etter dritlekkasje

Miljøservice beklagar sterkt uhellet med septikbilen i Volda måndag kveld, og lovar å betale bilvasken til dei som køyrde rett i skiten.

Bilvaskcollage - drittsak fra Volda

Ein teknisk feil på bakluka gjorde at ein septikbil frå Stryn la att den stinkande lasten sin i ei rundkøyring i Volda måndag kveld. MiljøService betaler bilvasken til dei som var uheldige å køyre i driten.

Foto: Nicolay Woldsdal/nernett.no / Jan Åge Sundnes

– Det var svært uheldig og vi beklagar sterkt hendinga, seier Ingvald Kristian Sandbakk i Miljøservice til NRK.

Det var klokka 20.40 måndag kveld at den hydrauliske bakluka på hengaren til septikbilen opna seg ved ein feil. Om lag 1 500–2 000 liter avføring rann frå tanken og ut i ei rundkøyring på E39 i Volda. Dritstanken spreidde seg raskt utover bygda.

– Vi har køyrt med same låsemekanisme i ti år og har aldri vore ute for noko liknande tidlegare, seier Sandbakk og legg til at utstyret er nytt og moderne.

Får dekt rekninga

Ein ryddebil som kosta og saug var på staden allereie 15 minutt etter uhellet skjedde. Brannmannskap spylte seinare asfalten.

Fleire bilar rakk likevel å køyre gjennom den dritdekte rundkøyringa og ta noko av belegget med seg vidare før oppryddinga var unnagjort.

Til dei som måtte vaske bilane sine etterpå, får dei dekt kostnadane hjå MiljøService?

– Ja, det har vi gitt beskjed om til dei som har kontakta oss. Uheldige bilistar må berre sende rekninga til oss, seier Sandbakk.

Nikolai Flisnes

23-åringen Nikolai Flisnes var blant dei uheldige som kom køyrande inn i både kloakkstank- og surpe måndag kveld. Her er han i kø for bilvask.

Foto: Jan Åge Sundnes

Draup brunt frå bilen

Nikolai Flisnes (23) var ein av dei uheldige som kom køyrande inn i rundkøyringa etter at septikbilen hadde gjort frå seg.

Når NRK møter han i køen til vaskeautomaten til Statoil Volda dagen derpå, sit lukta av menneskefordøying godt i mente. Bilen han sit i ser ut til å ha ein plommeraud farge, men spora etter gårsdagens surpeferd er tydelege langs bilkanten.

– Då eg kom heim etter å ha køyrt gjennom rundkøyringa såg eg at det draup brunt frå bilkanten, og lukta var intens. Då fyrst forsto eg kor mykje drit som måtte ha lege i vegen.

I det byrjande kveldsmørket rakk ikkje Flisnes å oppfatte den omtrent 15 centimeter tjukke brunsuppa før han køyrde seg inn i den.

– Eg opna vindauget for å sjå betre, men angra fort på det. Dritlukta var som eit slag i trynet - ei intenst kvalmande kloakklukt. Då var det berre å kome seg vekk, seier han.

Han kategoriserer vidare lukta som noko heilt spesielt.

– Det var inga vanleg dritlukt. Det var ei god samling, seier han før det er hans tur å køyre inn i vaskeautomaten.

Espen Sandmark Heia

Nestsjefen ved Statoil Volda vitnar om lange køar av vaskehungrige kundar etter at septikbilen sølte.

Foto: Jan Åge Sundnes

Sto over ein time i kø

Espen Sandmark Heia er nestsjef hos Statoil Volda og står bak disken når NRK stikk innom. Han seier at minst seks bilar sto i vaskekø måndag kveld, noko som er vesentleg meir enn ein vanleg.

– Enkelte sto i kø i over ein time for å vaske bilen, seier han.

Sandmark Heia vitnar om at dei fleste kundane tok den bedritne påkøyringa med eit smil, men at enkelte kravde kvittering for å få att pengane hos septikfirmaet.

Statoil Volda opplevde uansett ein innbringande kveld. No vurderer dei å inngå ein avtale med det uheldige firmaet om fast tømming ein gong i månaden, spøker nestsjefen.

Anbefaler russen å unngå rundkøyringa

Kommuneoverlege Arne Gotteberg i Volda gir skryt til slangeselskapet, kostarane og brannvesenet, som var involverte i opprydningsarbeidet.

– Eg kan ikkje skjøne korleis noko burde ha vorte gjort annleis, seier han.

Han legg til at det er viktig at alle som har hatt noko med avføringsvæska å gjere vaskar både hud og klede skikkeleg.

Det er ikkje kjent at forureininga har kome i kontakt med drikkevatn, opplyser Gotteberg, før han kjem med eit tips til avgangselevane i distriktet.

– Russen har jo på denne tida av året ein tendens til å finne på ulike ting i rundkøyringane. Eg anbefaler dei å nytte andre rundkøyringar enn denne i år, seier han.

Berre ein svak stank er att av dei nesten 2 000 literane med drit som låg i vegbana i går kveld. Voldingane kan dermed puste både ut og inn.

Rundkøyring

Berre ein svakare odør heng att dagen derpå etter kloakkuhellet i Volda-rundkøyringa måndag kveld.

Foto: Jan Åge Sundnes