Hopp til innhold

I dag beklagar helsevesenet at barnet døydde under fødselen

Kristiansund sjukehus nekta keisarsnitt sjølv om terminen var overskriden med 17 dagar. Barnet døydde. I dag vedgår Helse Møre og Romsdal feilen.

Helse Møre og Romsdal seier seg lei for at barnet til ein nordmørsfamilie døydde under fødselen på Kristiansund sjukehus. Obukdsjonsrapporten viser at barnet døydde av surstoffmangel etter at kvinna gjekk 17 dagar over termin.

Familien Sedik frå Averøy miste sonen sin under fødselen. Fleire gonger bad dei om at barnet måtte fødast ved keisarsnitt, men dei fekk nei. No beklagar Helse Møre og Romsdal det som skjedde.

Sonen til familien Sadik på Averøya døydde under fødselen 4. november 2011. Obduksjonsrapporten viser at barnet døydde av surstoffmangel. Terminen var overskriden med 17 dagar.

– Burde ha vore redda

I obduksjonsrapporten går det også fram at barnet burde ha vore redda.

Arnt Sommerlund

Arnt Sommerlund er kommunikasjonsdirektør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

– No har vi gått grundig gjennom obduksjonsrapporten saman med foreldra, seier kommunikasjonssjef i Helse Møre og Romsdal, Arnt Sommerlund til NRK.

Fekk nei til keisarsnitt

Familien Sadik bad gang på gang om at barnet måtte fødast ved keisarsnitt. Mora visste ho hadde vanskar med å gjennomføre fødselen på vanleg måte, og bad om keisarsnitt fleire gonger. Svaret ho fekk var nei.

– Dei sa berre at det ikkje skulle vere keisarsnitt. Uansett. Vi skulle vente på at ho skulle føde normalt, fortalde ektemannen Rezar Zadi Sadik til NRK i februar.

Helsetilsynet vurderer saka

No skal også Helsetilsynet sjå på saka. Spørsmålet er om barnet kunne ha vore redda om sjukehuset hadde svart ja på spørsmåla om keisarsnitt.

Dette er noko av det vi ønskjer å få svar på når Helsetilsynet kjem med si vurdering av saka, seier Sommerlund.

– Årsaka skal finnast

I førre veka fekk familien møte att personalet ved fødeavdelinga i Kristiansund. Her fekk familien ei forklaring på kva som skjedde og kvifor barnet døydde.

– Dødsårsaka var surstoffmangel. Då må vi finne årsaka til dette, seier Sommerlund.

– Høyrde ikkje

I februar fortalde familiefar Rezar Sadik om gjentekne forsøk på å redde barnet. Men dei blei avvist fleire gonger.

– Dei høyrde ikkje på oss. Vi blei sende heim att. Tre dagar seinare køyrde eg kona mi til sjukehuset. Dei undersøkte henne og sa at alt var bra. Dei sa at alt var normalt, fortalde Sadik.

Video NEKTA KEISARSNITT

Slik fortalde familien Sedik om barnedødsfallet då saka vart kjend i februar.

– Gav familien orsaking

Familien Sadik har no fått ei orsaking frå sjukehuset. Helse Møre og Romsdal vedgår no at dei ikkje følgde prosedyrane for igangsetjing av fødsel på overtid.

– Vi har no beklaga dette overfor familien, seier Sommerlund.

– Vi skjerpar rutinane

Helsetilsynet har førebels ikkje konkludert med kven som har ansvaret, og kvifor det gjekk gale under fødselen. Men sjukehuset i Kristiansund har alt skjerpa rutinane i samband med fødslar.

Vi har gjennomgått rutinane. Det har medført at vi har innskjerpa krava til igangsetjing av fødslar. I tillegg har vi betra rutinane på oppfølging av mødrer som har svangerskap på overtid, fortel Sommerlund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL